Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 12. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøtetalen til Hege Myklebust

 (26.04.2008)

"Samanhengen mellom tale og skrift har vore sentral for målrørsla gjennom heile historia vår. Sjølve eksistensen vår kviler jo på at det nynorske skriftspråket speglar det norske talemålet på ein annan og betre måte enn dansk og seinare bokmål." Slik opna Hege Myklebust landsmøtetalen til Noregs Mållag.

Dette er heile landsmøtetalen:

Gode landsmøtelyd.

Samanhengen mellom tale og skrift har vore sentral for målrørsla gjennom heile historia vår. Sjølve eksistensen vår kviler jo på at det nynorske skriftspråket speglar det norske talemålet på ein annan og betre måte enn dansk og seinare bokmål. Men kva det vil seia at nynorsken byggjer på dialektane, og korleis ein skal argumentera og driva målarbeid basert på denne tanken, har det vore mange meiningar om. Eg trur det er viktig at me prøver å forstå korleis sambandet tale-skrift fungerer, og legg opp strategiane våre basert på ein fersk analyse.

Det norske standardspråket
Om me går attende til 1814, hadde me som de alle veit ikkje noko eige skriftspråk i landet. Det som vart skrive, vart skrive på det gamle kolonimålet, dansk. Så då den nye grunnlova skulle skrivast, hadde ein ikkje noko anna val enn å skriva ho på dansk. Slik har det seg òg at sjølvaste nasjonalsongen fekk dansk tekst. Endå så opplagt og ubestrideleg som dette er, er det tydelegvis framleis vanskeleg å seia det rett ut. På Dagsrevyen var det for nokre veker sidan eit innslag om språktrøbbel på Stortinget i samband med grunnlovsendringar, for framlegga må skrivast på eit så gammaldags språk at nesten ingen greier det. Ågot Valle hadde seks feil på fem liner, og orsaka seg med at det er ikkje mange som greier å skriva 1800-talsspråk. Finn-Erik Vinje og Carl I Hagen var òg intervjua, men ingen av dei nemnde ordet dansk. Det er ikkje vanskeleg å forstå at gamaldags dansk er vanskeleg, men det spørst vel om moderne dansk hadde vore noko enklare for stortingsrepresentantane å hanskast med?

Jamvel om dansk rådde i skrift, hadde ingen nordmenn dansk som morsmål. 99 % av folket tala norsk, det vil seia vanlege norske dialektar. Den fyrste vitskaplege granskinga av norsk språk var det Ivar Aasen som stod for. Men det som har gjort han kjent for ettertida, er fyrst og fremst at det var han som gav oss det fyrste norske standardspråket som han kalla landsmål. Med standardspråket ynskte han å gje prestisje til det norske språket, og såleis til dei norske dialektane. For som han skreiv 22 år gammal: «Det har altid smertet mig bittert, naar jeg hørte vort Almuesprog krænkes og belees, [...]». Ivar Aasen var ein praktisk mann. Han ville ikkje gjera det norske skriftspråket til noko spesielt, så modellen for skriftspråket var det danske og det svenske. Medan radikale danske ortofonistar kjempa for meir lydrette skrivemåtar i dansk, kopierte Aasen det tradisjonelle danske skriftsystemet som folk trass alt var vant til. Ikkje noko fiksfakseri, med andre ord.

Det er ikkje sjølvsagt at norsk skulle få eit vanleg standardspråk slik Aasen ynskte. På 1870-talet kom ein ny generasjon radikale målfolk som ville at skriftspråket skulle liggja nærare daglegtalen enn det standardspråket til Aasen gjorde. Fremst stod sosialisten Olaus Fjørtoft. Problemet for desse var at når dei ville skriva lydrett, måtte dei ha eit talemål å skriva lydrett etter, men det fanst jo ikkje noko norsk standardtalemål. Så sunnmøringen Fjørtoft skreiv sunnmørsk. Denne retninga vart ein historisk parentes, og Aasens line vann fram. Formen skal kun være een, meinte Aasen, og det er hovudregelen òg i dag. Til dømes heiter det berre hovud for dialektformene hove, hau, haud, høvv, huvvu, huggu og hue. Og det heiter berre to hestar, med r i fleirtal. Den kanskje vanlegaste dialektforma, to hesta, utan r har etter det eg veit aldri vore etterlyst i skrift, og hovudgrunnen til det trur eg er at bokmålet ikkje kan freista med r-lause fleirtalsformer. Det er fyrst når noko er lov å skriva på bokmål at det blir eit problem dersom det ikkje finst i nynorsk.

Hovudregelen er altså at kvart ord har éi form, unnataka er fyrst og fremst restar etter samnorskpolitikken. Då innførte ein fellesformer med bokmål, og let dei tradisjonelle nynorskformene stå att som ei overgangsordning. No er samnorskpolitikken gravlagd, og overgangsordninga har vorte permanent. Til dømes kan me velja mellom å skriva og å skrive, og me kan velja mellom har skrive og har skrivi. Men eg gjentek; hovudregelen er at me har berre ei form av kvart ord og av kvar bøyingsform i standardspråket. Det er jo det som gjer det til eit standardspråk.

Det dansk-norske standardspråket
I 1814 snakka altså 99 % av folket norsk. Eg har alt sagt at den siste prosenten ikkje snakka dansk, for den norske overklassen snakka eit dansk-norsk blandingsspråk. For den norske overklassen var det uproblematisk å snakka dansk-norsk og skriva dansk, jamvel om det innebar at dei måtte slå over til eit meir skriftbunde høgtidsmål i formelle samanhengar. Men det fanst nokre radikale forkjemparar for eit dansk-norsk standardspråk. Fremst stod Knud Knudsen som agiterte mot dansk skriftspråk og det tilhøyrande høgtidsmålet. Parallelt med at Aasen steg for steg la fram landsmålsnormalen, arbeidde Knudsen for å reformera det danske skriftspråket. Då han døydde i 1895, var lite av det han hadde ivra for gjennomført. Det var fyrst då landsmålet for alvor byrja å vinna oppslutnad at ideane til Knudsen fekk gjennomslag. Det var Moltke Moe som på oppdrag frå Kyrkjedepartementet la fram den fyrste dansk-norske rettskrivinga i 1907. Nokre riksmålsfolk var for denne reformen. Det skulle i grunnen berre mangla, det var trass alt deira talemål som var grunnlaget for det heile. Andre var mot, ikkje minst Bjørnstjerne Bjørnson, leiaren for det nyskipa Riksmålsforbundet. For dei var kampen mot landsmålet viktigare enn å fornorska det danske skriftspråket. Aftenposten heldt visstnok fram med å skriva på dansk heilt til 1923.

Rabalder vart det og etter 1917-reforma, Einar Lundeby har kalla den tre dagar lange stortingsdebatten i 1919 for den «voldsomste i språksakens historie». Likare gjekk det ikkje etter 1938, og med læreboknormalen frå 1959 toppa det seg med brenning av såkalla samnorskbøker. Mange var glade for å få eit norskare bokmål, og det radikale bokmålet kom inn i skulane. Men blant fleirtalet av bokmålsbrukarane, avisene og forlaga, slo det ikkje gjennom. Dei heldt fram med å skriva eit konservativt bokmål, og det må vel kunna seiast at reformatorane var vel ivrige. I 1981 gjorde dei retrett og tok mange steg attende mot 1917-normalen som riksmålsfolket til slutt hadde akseptert. Retretten vart komplettert med den ferskaste rettskrivingsendringa i 2005, som førte til at endå fleire tilnærmingsord og -former vart tekne ut or bokmålsnormalen.

Medan reformatorar og riksmålsfolk slåst om rettskrivinga, har språkutviklinga gått sin gang. Dansk-norsken var jo eit talemål på 1800-talet, og det forsvann ikkje. Moltke Moe gjorde eit overslag på at 5 % av det norske folket tala dansk-norsk kring 1900. Kjell Venås har sitert Trygve Bull på at talet var 20 % i etterkrigstida, og sjølv meiner Venås at det helst er fleire no, avhengig av korleis ein definerer det.

Bokmål i tale og skrift
Målfolk flest er ikkje glade for at bokmålet spreier seg i talemålet og påverkar dialektane. Mot dette har meir samnorskvenlege folk hevda at det ikkje er bokmålet som breier seg, det er berre naturlege språkendringar, slik språket har endra seg til alle tider – nokre gonger snøgt, andre gonger saktare, i rykk og napp. Det minner meg om klimanektarane som ikkje vil vedkjenna seg menneskeskapte klimaendringar. Dei viser til at klimaet har endra seg frå kaldare til varmare og tilbake i rykk og napp gjennom historia. Det stemmer jo det, men det står likevel ikkje til å nekta at me i tillegg til det no står i ein ny situasjon der menneske pøsar ut klimagassar, og der bokmålet er over og rundt oss over alt og heile tida, og påverkar dei elles ”naturlege” endringane.

Det vert sagt at det er ikkje finspråket som spreier seg, men eit meir folkeleg språk. Folk går ikkje over frå å seia braut til å seia brøt, det er den folkelege bastardforma brøyt som spreier seg, og den kjem ikkje frå bokmål. Og det er noko i dette. Etter kvart som bokmålet har spreidd seg stadig lenger nedover og utover i den urbane middelklassen, har det teke opp i seg stadig nye element. Dette er ikkje noko nytt. Forma brøyt er ei kompromissform ikkje heilt ulik forma hode i staden for dansk hoved, uke for dansk uge eller kastet for dansk kastede. Men dette er ikkje eit argument mot at det er bokmål som breier seg, det er eit argument for at bokmål breier seg og for at bokmål er eit språk i endring.

Men bokmål er ikkje eit talemål, bokmål er berre eit skriftspråk, meiner mange. Både ja og nei. Slik kan ein definera det, men då misser ein av syne det at bokmålet er det skriftlege uttrykket for eit levande talemål, nemleg det høgare talemålet i byane, såkalla standard austnorsk, fintrønder, penbergensk og så frametter. Meir eller mindre uavhengig av normeringskampane har bokmålet som sjølvstendig språksystem endra seg gradvis frå dei meir komiske 1800-tals-formene som knepbrød, influensen, og å save (for å sage), via gammalvorne former som mave, nu, efter og sprog, til dagens «nøytrale» former og dei meir trendy formene som brøyt. Og dette er den store styrken til bokmålet. Sidan bokmålet ligg så tett opptil vårt mest utbreidde talemål, kan det fanga opp trendane i dette talemålet.

Mange meiner no at riksmålet har vunne kampen om rettskrivinga, og det er delvis sant, for språkplanlegginga har slått feil. Men riksmålsrørsla har ikkje innkassert sigeren, fordi dei framleis klamrar seg til sin eigen rettskrivingsnormal og sitt eige namn på språket. På den andre sida har bokmålet gjennom sin formidable vekst som talemål vorte mykje av det samnorskarane drøymde om på byrjinga av 1900-talet. Sett på spissen kan me seia at riksmål har vorte samnorsk.
Nynorsk i tale og skrift
Korleis er tilhøvet mellom skrift og tale i nynorsk? Medan det riksmålssamnorske normaltalemålet bokmål er morsmål for kanskje ein million nordmenn, er det nynorske normaltalemålet så vidt eg veit ikkje morsmål for ein einaste ein. Det blir brukt til dømes i NRK og på Det Norske Teatret, og ei handfull menneske brukar det i daglegtale, men for alle desse er det noko dei har lært i tillegg til morsmålet, altså i tillegg til dialekt eller bokmål.

Aasen såg føre seg at landsmålet skulle vera eit norsk standardspråk både i tale og skrift. I Norsk Grammatikk frå 1864 skriv han: ”Ved en heldig Benyttelse af de bedste Former og det bedste Stof vil (…) dette Tungemaal kunde faae en værdig skriftlig Form, som atter kunde blive et godt Forbillede for Talebrugen, saa at Skrift og Tale kunde understøtte hinanden til virkelig Forbedring paa begge Sider”. Denne tanken var levande i målrørsla heilt fram til for 35-40 år sidan, og det vart halde kurs i normaltalemål, og forsøksvis brukt på stemne og samlingar i målrørsla heilt fram til på 60-talet.

Då studentradikalismen, visebølgja og dialektrørsla slo innover oss på 70-talet var det mange som fann vegen inn i målrørsla fordi dei var opptekne av dialekt, fyrst og fremst, ikkje nødvendigvis av nynorsk. Striden innetter i målrørsla stod om slagordet skulle vera «snakk dialekt – skriv nynorsk», eller om ein skulle leggja all vekta på dialektane. I 1973 var parolen til studentmållaget i Oslo «Fram for dialektane», og argumentasjonen var at normaltalemål og bokmål var undertrykkjande, dialekt var frigjerande. Fekk dialektane fyrst den respekten dei fortente, ville eit norskare skriftspråk basert på ”folkemålet” koma av seg sjølv, meinte mange.

Dialektkampen førte fram til ein av dei største sigrane i målørslas historie. Dialektane er på ingen måte sikra evig liv, men i dag er dialekt trass alt akseptert i alle samanhengar, til stor glede for alle som slepp å knota bokmål. Me som er så unge at me ikkje har kjent den gamle dialektundertrykkinga på kroppen, skal vera varsame med å undervurdera denne sigeren. Men parolen og ideen «Snakk dialekt – skriv nynorsk» kan gje folk falske forhåpningar. Mange som har prøvd å skriva nynorsk har vorte skuffa når dei har oppdaga at dei ikkje kan skriva som dei snakkar. Då kan det vera det same, tenkjer dei, då kan eg like godt skriva bokmål.

Med dialektkampen fekk ideen om at det er dialektane som er nynorskens normaltalemål for alvor fotfeste i målrørsla. Bak slagordet «Snakk dialekt – skriv nynorsk» ligg tanken om at prestisjen til dialektane skal smitta over på det nynorske standardspråket. Om dialektsigeren var stor, må me vel vel no kunna konstatera at framgangen for det nynorske skriftspråket ikkje følgde etter. Respekten for dialektane har gagna det nynorske standardspråket om lag like mykje som respekten for trønderdialekten har gagna østfoldmålet. Folk flest dreg ikkje den slutninga, og er lukkelege med å snakka dialekt og skriva bokmål, eller endå verre, å snakka dialekt og hata nynorsk.

Det som skjedde i 1981 er illustrerande. Kvifor rykte bokmålet attende mot 1917, og kvifor skjedde ikkje det tilsvarande med nynorsken? Det som skjedde med bokmålet var at strikken var strekt for langt, det skriftlege bokmålet hadde bevega seg for langt frå talemålsgrunnlaget sitt. For bokmålstalarane, den største og mektigaste språkgruppa i landet, var det uhøyrt at deira talemål hadde vorte forbode i skrift. Men nynorsken har ikkje noko normgjevande talemålsgrunnlag. Eller rettare, samanhengen mellom mangfaldet av dialektar på den eine sida og det nynorske standardspråket på den andre sida er for abstrakt. Det samlande i nynorsknormalen er usynleg, det nynorske standardspråket ser ut som ei vilkårleg nynorsk dialekt. Dagens nynorske standardspråk frå 1959 er korkje meir eller mindre naturleg enn standardspråket frå til dømes 1917. Det nynorske standardspråket var den gong som no ei målform som måtte lærast i tillegg til den naturlege dialekten, morsmålet, hjartespråket.

Det at det nynorske standardspråket blir så lite tala går ikkje berre utover prestisjen til nynorsken, det er eit praktisk problem òg. Dei som har ungar veit at dei langt på veg kan bokmål før dei lærer å lesa. Dei høyrer det dagleg, og dei øver på det i leik. Dette gjer at dei har etter måten lett for å læra seg å skriva bokmål når den tid kjem. Dei får bokmålet inn både gjennom øyra og gjennom auga, og treng mindre øving og pugg for å meistra bokmål i skrift. Nynorsk standardspråk er til samanlikning eit reint skulespråk. Jamvel dei med nynorsk som hovudmål lærer det som eit framandspråk. Ein ting er rettskrivinga, den kan vera vanskeleg på både bokmål og nynorsk, men sjølve den nynorske målforma og målkjensla må òg lærast på skulen.

Når ein skriv, stør ein seg til ei indre røyst. Det er derfor det er så lett å skriva bokmål, den indre røysta er så sterk. Den indre nynorskrøysta tek det lengre tid å trena opp, og det finst få språklege føredøme å lytta til. Dette fører til store vanskar for mange som skal skriva nynorsk, inkludert neste generasjons lærarar. Dei fylgjande døma er henta frå eksamenssvar i norsk skrivne av lærarstudentar. Deira indre nynorskrøyst høyrest slik ut:

Folke-eventyra har universelle kjenneteikn som dei aller fleiste kjenner att
Helten i eventyra kjem långt med eigenskåpar som…
…og dei er sjeldan gode eller vellykkande.
I ”Askeladden og de gode hjelperne” sjår me dette…
Eg vil framstilja det slik at…
Ho kyssar Arne med meir innlevjing…
Leik er den aktiviteta som opptar barn i 5- til 7-årsalderen meist.
Han prøver å røyma…
Det er annerleides…
Eleven har litt problemar…

… og det kan me kanskje seia at studentane òg har.

Nynorsk normaltalemål
NRK var ein viktig leverandør av nynorsk normaltalemål i si tid. Dei fekk reglar om at dei skulle senda minst 25 % nynorsk alt i 1933, og som einaste kringkastar med stort sett berre standardisert tale var NRK ein viktig språkleg premissleverandør. Men opp gjennom åra har NRK sendt mindre og mindre nynorsk normaltalemål, meir og meir dialekt. Samstundes har det kome til så mange andre aktørar at NRK har mist mykje av den påverknadsmakta statskanalen hadde. I nynorsk faktabok 2005 skriv Ottar Grepstad:

I prosent er bruken av normert nynorsk blitt nesten halvert sidan tidleg på 1970-talet. Størst var prosentdelen i 1977: 18,5 %. Dei siste åra har talet krabba ned mot 10. Sidan den samla sendeflata har auka sterkt, er ikkje den faktiske reduksjonen like stor. Det kan likevel sjå ut til at noko av prisen for målrørsla sine dialektaksjonar på 1970-talet no må betalast i form av meir dialekt og mindre nynorsk i programma frå den viktigaste radio- og fjernsynsstasjonen i Noreg.

På Det norske teatret, og delvis på nokre andre teaterscener kan me finna nynorsk normaltalemål, men scenespråket er så marginalt at det knapt kan seiast å styrkja den nynorske språkkjensla for andre enn skodespelarane.

Det er ein stor skilnad på nynorsk og bokmål, i tillegg til utbreiinga i skrift, at nynorsk standardspråk knapt er i bruk munnleg. Nynorsken er i dag nesten eit reint bokmål. Dersom me verkeleg vil at folk skal få høyra meir nynorsk, må det snakkast meir nynorsk. Det er vanskeleg å sjå føre seg at nynorsk normaltalemål skal bli morsmål til nordmenn som i dag snakkar dialekt. Det er likevel mange konkrete område der målrørsla kan arbeida for å styrkja nynorsk tale.

● I skulen, slik at dei som skal læra å skriva òg får språket inn gjennom øyra. Dette er viktig for alle, men særleg viktig for dei som ikkje har ein dialekt å stø seg til.
● I barnehagen. Høgtlesing på nynorsk, ikkje simultanomsetjing til dialekt.
● I NRK. Å få meir nynorsk i barne-tv er eit sjølvsagt og viktig krav, men me bør gå inn for at nynorsk normaltalemål får mykje større sendeflate i alle typar program. At NRK for få månader sidan gjorde om regelverket for målbruk slik at det no er lov å bruka dialekt òg i nyhendesendingane var eit steg i feil retning.
● I norskopplæringa for innvandrarar. Målrørsla har i mange år arbeidd for å få utvikla læremiddel på nynorsk for utlendingar, så her er arbeidet alt i gang. Det er viktig at lærarane òg snakkar nynorsk dersom innvandrarane skal læra seg nynorsk som sitt norske språk.

Me likar ikkje så godt å stilla krav til korleis folk skal snakka, det er derfor normaltalemål har vore litt uglesett. Men poenget med normaltalemål er ikkje å plaga talaren, men å hjelpa tilhøyrarane. Det er som med kommareglane, dei er ikkje til for å gjera det vanskeleg å skriva, men for å gjera det lettare å lesa.

Nynorsk skriftnormal
For eit standardspråk utan eit sterkt normaltalemål, er skriftbiletet og rettskrivinga alt ein har å stø seg til når språket skal lærast. Nynorsken er eit standardspråk, det vil seia ein standardisert måte å skriva norsk på. Når ein lurer på korleis noko skal skrivast, går ein til ordboka og får svar. I dei fleste tilfelle er det berre éitt svar, dei fleste ord og ordformer har berre éin skrivemåte. Det nynorske standardspråket har stort sett vore uendra sidan 1959, det er femti år sidan neste år. Dette er ny rekord for nynorsken, og denne stabiliteten er ein kjempefordel. Det inneber at ein relativt einskapleg måte å skriva på er godt etablert i det nynorske språksamfunnet.
Normeringa har likevel vore eit tilbakevendande emne i organisasjonen, og i år kjem det opp på nytt. Dei siste åra har òg Språkrådet arbeidd med ein ny normal. Bakgrunnen for desse normeringsdebattane er som me veit at trass i den relative stabiliteten i norma og trass i det relativt einskaplege skriftbiletet, er det samstundes større valfridom i nynorsknorma enn det som er vanleg i eit standardspråk. Langt frå all denne valfridomen er utnytta i praksis, og det er noko av grunnen til at Språkrådet arbeider med ei ny rettskriving med mindre av denne overflødige valfridomen. Ei viss innstraming der det finst parallelle skrivemåtar utan tydelege føremål, og av former som er lite brukte er det stor semje om. Det er liten tvil om at for eit lite standardspråk som det nynorske, er det ein fordel med ein tydeleg normal både for dei som skal læra og dei som skal undervisa. På den andre sida har det nynorske standardspråket alt etablert seg i litt ulike variantar i skulane, lokal- og regionsavisene, forvaltninga, forlaga og så frametter. Det er eit opplagt problem for eit oppryddingsarbeid at det kan koma til å i praksis forby delar av etablert skriftpraksis. Dette er ei vanskeleg avveging, og eg vil ikkje føregripa debatten her og no.

Kvifor skriva nynorsk?
Det er heilt uproblematisk for dei aller fleste å snakka dialektane sine og skriva bokmål, og fleire og fleire av dei som har vakse opp med nynorsk i skulen går over til å bli bokmålsbrukarar i møtet med vidaregåande og høgare utdanning, eller arbeidslivet. Eit ferskt døme er forfattar og journalist Brynjulf Jung Tjønn. I ein kronikk i Aftenposten den 16. april tek han ut skilsmål frå nynorsken. Tjønn er vaksen opp i bygda Feios i Sogn, og har hatt nynorsk som hovudmål heile skuletida. Han har tidlegare gjeve ut romanen Eg kom for å elske på nynorsk (Samlaget 2002), og gjev no ut sin andre roman, også denne på nynorsk (sjølv om tittelen Lyden av noen som dør (Cappelen 2008) like gjerne kunne vore bokmål). Men frå no av, skriv han, vil han byta frå nynorsk til bokmål, etter å ha vore “utru” med bokmålet til og frå gjennom fleire år. Grunnen er at nynorsken er så svimlande mangfaldig, seier han. Det finst alt for mange valfrie former, og “alt” er lov, difor blir det uråd å bruka nynorsk.

Tjønn er slett ikkje åleine om eit slikt målbyte, det er mange som går frå nynorsk til bokmål. Det er heller ikkje særnorsk, det er vanleg å gå over frå minoritets- til majoritetsspråk. For Tjønn er det ikkje er nok at nynorsken er meir talemålsnær, han har teke steget frå den talemålsnære men vaklande indre nynorskrøysta til den fjernare men stødigare bokmålsrøysta.

I tillegg er det tydeleg at Tjønn manglar den overtydinga som skal til for å stå mot slike hindringar. Dei som er fødde og oppvaksne med nynorsk er ikkje samstundes fødde med ein argumentasjon for nynorsken, og ein motivasjon for å halda på han. Skal me stogga målbytet både mellom skuleelevar og journalistar og forfattarar som melder overgang til bokmål meir eller mindre offentleg, må me gje dei gode grunnar til å halda på nynorsken. Me må med andre ord styrkja målreisingstanken.

Målreisingstanken er å setja folkekulturen i høgsetet og ikkje vika plassen for språket og kulturen til ein sjølvutnemnd elite. Me vil ha heile landet som hovudstad, me vil ha heile folket til kulturelite. Det var målreisingstanken som i si tid løfta fram landsmålet, og det er berre målreisingstanken som igjen kan gje nynorsken verkeleg framgang. Me må få fleire nynorskbrukarar til å bli målfolk slik at me får styrke til å vinna over både fråfalne og nye nynorskbrukarar.

Eg meiner både høgnorskretninga og talemålsretninga innanfor målrørsla har gått i same fella, nemleg å argumentera ut frå samanhengen mellom tale og skrift. Høgnorskarane seier at eit klassisk nynorsk speglar systemet i dialektane, noko det òg gjer, men dette abstrakte forholdet mellom tale og skrift er usynleg for folk flest, og rettferdiggjer ikkje ei reversering av skriftpraksisen dei siste åtti åra. Dialektromantikarane ynskjer at nynorsken skal spegla dialektane så direkte som råd, men det er ikkje mogleg for eit standardspråk å spegla mangfaldet av dialektar lydrett.

Eg meiner såleis at det er fånyttes å gjera nynorsken meir dialektnær på den eine eller den andre måten. Me ikkje kan normera oss til framgang, me har ikkje anna val enn å byggja på den nynorsken me har i dag, og finna tiltak som kan styrkja han. Me har eit nynorsk standardspråk som har vore relativt stabilt i femti år. Det er ein god grunnmur. No må me finna strategiane som skal styrkja dette standardspråket.

● Eg har teke til orde for at eitt slikt tiltak er å styrkja nynorsk normaltalemål og leggja til rette for ein utvida bruk av det.
● Sjølv om å endra nynorsken i den eine eller andre ideologiske retninga ikkje fører til framgang, trur eg ei forsiktig opprydding i norma kunne styrkja det standardspråket me har, og gje ein reint praktisk og pedagogisk vinst.
● Me bør sjølvsagt halda fram med å arbeida for å gjera nynorsken synleg på alle område i samfunnet, slik me har arbeidd mykje med dei siste åra, til dømes i media og næringsliv.
● Me må styrkja den ideologiske grunngjevinga for det nynorske standardspråket, det vil seia, me må styrkja målreisingstanken.

Me har altfor lenge hatt berre ein tanke i hovuda våre: snakk dialekt – skriv nynorsk. Den fyrste delen, snakk dialekt, blir teken for sjølvsagt, og den andre delen blir teken som ein naturleg konsekvens. Tanken er god, men han blir endå betre om me deler han opp slik at me må grunngje kvar del for seg. No er det på tide at me prøver å ha fleire tankar i hovudet samstundes, det er jo så populært, og ikkje veldig vanskeleg:

Tanke 1. Snakk dialekt! Dialektfolka på 1970-talet hadde rett, dette er eit knallgodt slagord, fordi det gjev oss høve til å grunngje det. Me kan få sagt kvifor me verdset viljen til å halda på dialekten.

Tanke 2. Skriv nynorsk! Det gjeld deg som snakkar bokmål òg. Igjen gjev slagordet oss høve til å seia kvifor me vil at folk skal skriva nynorsk heller enn å stø seg til den indre bokmålsrøysta.

Tanke 3. La folk få høyra nynorsk. Gje dei indre nynorskrøystene ei gåve – snakk nynorsk av og til.

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no