Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen til Halvor Folgerø og Finn Tokvam

 (27.04.2008)

På landsmøtemiddagen til Noregs Mållag fekk journalistane og humoristane Halvor Folgerø og Finn Tokvam tildelt Målprisen.
Prisvinnarane har stått for nynorsk humor og alvor med det nynorsk realityshowet Radio Røynda, Finn-Erix og Vestlandsrevyen – og meir til!
– Dette er veldig stas. Vi er svært takksame. Det er mange vi vil takke, men fyrst og fremst vil vi takke Ivar Aasen, sa Halvor Folgerø og Finn Tokvam til stor jubel frå målfolket på landsmøtet.

Grunngjevinga for Målprisen 2008:
Folgerø og Tokvam har drive med nynorsk alvor og skjemt i eit par tiår alt. Det byrja med mest alvor, som journalistar på distriktskontora til NRK. Sidan vart det meir og meir moro, og dei har hatt ein trufast fanklubb heilt sidan Radio Røynda gjekk på lufta i 2002.

Nynorsk realityshow – på radio! Det var ein fantastisk idé, og både målfolk og vestlendingar flest elska dei frå fyrste stund. I 2005 vart Radio Røynda fjernsyn. Populærorkesteret Finn-Erix tråla fjell og dalar etter intelligent liv på baksida av Vestlandet, i raude velurdressar og gule silketørkle, rullande i ein sliten Ford Transit, der du framleis kunne sjå omrisset av namnet til den tidlegare eigaren: Aurland alders- og sjukeheim.

Dei to prisvinnarane har òg gjeve ut romanen Tyl saman. På nynorsk, sjølvsagt. Boka har nått eit stort publikum som ynskjer seg meir frå dei to, som ikkje heilt vågar å kalla seg forfattarar enno. Kvar for seg har dei òg vore synlege nynorskprofilar i både fjernsyn og radio.
Halvor Folgerø som programleiar i Mediemenerene og nyhendelesar på Vestlandsrevyen, Finn Tokvam som programleiar i radioprogrammet P.I.L.S. (populærmusikk ispedd litt sladder).

I fjor var dei to av mesterhjernane bak den største nynorsksuksessen på lenge. Saman med Ragnar Hovland, Olav Stedje og Claus Sellevold fekk dei heile Vestlandet til å gå mann av huse for å sjå Vestlandsrevyen på scene i Bergen – ein festkveld tileigna Ivar Aasen og nynorsken, med innlagd kaffipause og basar med åresal, nynorske popstjerner og suksessforfattarar. Framsyninga fekk femmarar og seksarar i bokmålspressa, og var eit førebels høgdepunkt for dei to målprisvinnarane.

Bilete til nedlasting: Halvor Folgerø og Finn Tokvam (Foto: Hege Lothe)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no