Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Kåre Lilleholt

 (09.06.2008)

Foto: UiO
Jussprofessor Kåre Lilleholt ved Universitetet i Oslo har fått Juristmållaget sin Målpris for 2008. "Ei levande inspirasjonskjelde for jusstudentar som ønskjer å skriva nynorsk" heiter det i grunngjevinga.

Prisen vart delt ut av styreleiar Gunnar O. Hæreid og styremedlem Kaja Breivik Furuseth under ei markering på Institutt for privatrett ved Det juridiske fakultetet i Oslo.

– Eg kjenner det som ei ære å få denne prisen. Det er verdifullt at Juristmållaget på dette viset oppmuntrar juristar til å bruke nynorsk, slik laget også gjer med dei årlege seminara for jusstudentar frå Bergen og Oslo. Det er fleire som skriv juss på nynorsk i dag enn det har vore nokon gong før, og det lovar godt for framtida for nynorsk juridisk fagmål, sa prisvinnaren i ein kommentar til Uniforum.

Grunngjevinga:
"Kåre Lilleholt er fødd 10. september 1952, og kjem frå Storås i Meldal i Sør-Trøndelag, med røter frå Sunnmøre. Etter landsgymnaset på Orkanger utdanna han seg til jurist, og var ferdig med studiane i 1979. I yrkeslivet har han mellom anna vore journalist i VG og sigøynarkonsulent i Sosialdepartementet, men etter at han i 1986 var ferdig med doktorgraden har han mestedelen av tida vore professor, både ved Universitetet i Bergen, Noregs handelshøgskule og i dag ved Universitetet i Oslo. I tillegg er han er æresdoktor ved Universitetet i Stockholm. I tida 1990 til 2006 hadde han også eigen advokatpraksis, tidvis ved sidan av ulike professorat. Han er kjend for den store arbeidskapasiteten sin og at han er uvanleg grundig i alt han gjer. Det seiest at den som er så heldig å ha Kåre på lønslista får svært mykje for pengane.

Med allmenn formuerett, kontraktsrett, komparativ rett og bustadrett som forskingsfelt, er Lilleholt ein særs omtykt og produktiv forfattar. Lista over publikasjonar er lang og spenner frå ”Godtruerverv og kreditorvern”, via ”Ekteskap og utlegg”, ”Stillingsfullmakter i entrepriseretten” og kommentarar til dei fleste lovene på bustadretten sitt område, til ”… man skal eie en ordliste”, om rettsgrunnlaget for normering av norsk språk og ”Du svarte sigøynar”, om tilhøva for romanifolket. Det er særleg innanfor bustadretten at Lilleholt har vore og er den leiande akademiske krafta i landet, noko som også er avspegla i at han har leia ei rekkje lovutval på området. Interessa for rettsfeltet vart vekt etter at Lilleholt var med i bustadgruppa på JussBuss.

Lilleholt har heile tida halde på nynorsken. Han er ein føregangsmann i å utvikla omgrepsapparatet på nynorsk i bøkene og artiklane sine, og han har også publisert si eiga ordliste på nettet. Gjennom førelesingane ved Universitetet i Oslo og tidlegare ved Universitetet i Bergen er han dessutan ei levande inspirasjonskjelde for jusstudentar som ønskjer å skriva nynorsk. I si tid tok Lilleholt saman med Ola Mestad initiativ til dei første skriveseminara for nynorskskrivande jusstudentar, medan han i dei seinare åra har stilt opp som føredragshaldar på tilsvarande seminar då tradisjonen vart teken opp att.

Ut over arbeidet som professor har han også engasjert seg i norsk samfunnsliv som leiar i nynorskseksjonen i norsk språkråd, som styremedlem i NRK frå 2006, medlem i den nasjonale norske kommisjonen for Unesco og i ei rekkje andre offentlege utval og råd, i tillegg til vervet som redaktør for tidskriftet Lov og rett."

Les også om utdelinga av prisen i Uniforum.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no