Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

ÅmliAvisa er årets nynorskbrukar 2008

 (26.06.2008)

Foto: Gaute Øvereng / Nynorsk kultursentrum
Redaktør Inger Stavelin i ÅmliAvisa fekk prisen Årets nynorskbrukar 2008. Det var statsråd Magnhild Meltveit Kleppa som overrekte prisen under opningshøgtida til Dei Nynorske Festspela i Ivar Aasen-tunet.

ÅmliAvisa blei starta opp 1. mars i år, og redaktøren sa i takketalen at ho hadde mange val å ta før avisa først kom ut. Språkvalet fall på nynorsk fordi dette er hovudmålet i sørlandsbygda og det skriftspråket som ligg nærmast opp til åmlidialekten.
– Det er svært inspirerande å få ein slik pris. Dei 50 000 som følgjer med prisen kjem svært godt med, for det er enno to år igjen før ÅmliAvisa kan motta pressestøtte, sa Inger Stavelin i sin takketale.

Les meir på Aasentunet sine heimesider

Åmliavisa

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no