Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Eit løft for nynorsk i media!

 (27.06.2008)

- Opprettinga av Vinjefondet gjer dette til ein festdag. Her leverer regjeringa det tiltaket som trengs for å styrkja nynorsk i media, seier styreleiar i Kringkastingsringen Håvard B. Øvregård. Han er glad for at regjeringa no har konkretisert det fire år gamle løftet om å oppretta eit fond for å stimulera til nynorsk journalistikk.[1]

Ideen om Vinjefondet vart lansert som ein del av Kulturløftet i 2004[2], og i forhandlingane om statsbudsjettet same året gjorde Senterpartiet framlegg om å setja av 10 millionar kroner til føremålet[3]. I Soria Moria-erklæringa gjentok regjeringspartia ambisjonen om å "stimulere til økt bruk av nynorsk i media"[4].

- Med Språkmeldinga lovar regjeringspartia konkrete tiltak for styrkje nynorsken i media, seier Øvregård.
Dette er vi visse på vil gje resultat. Nynorsk mediesenter i Førde, som utdannar nynorskjournalistar til NRK, har synt at slike tiltak har ein svært god effekt.

Øvregård gå ut frå at fondet vert teke med alt i statsbudsjettet for 2009, og at departementet raskt kjem i dialog med redaktørar, journalistar og faginstitusjonar om korleis det best kan nyttast.

Kringkastingsringen har lenge arbeidd for å få på plass tiltak for å styrkja nynorsken i media, og skipa mellom anna til seminaret "Nynorskingar i riksmedia" i januar 2007, der ein sette søkjelyset på tilhøva for nynorskjournalistar i riksmedia.

For meir informasjon, kontakt:

Håvard B. Øvregård, styreleiar, tlf. 917 73 157


[1] St.meld. nr. 35 (2007-2008), avsnitt 9.1, punkt 6 (side 212) [2] http://www.kulturloftet.no/sql/k.15.php, punkt 11 [3] http://www.stortinget.no/inns/2004/200405-240-006.html, punkt 5.7.1 [4] http://www.sv.no/partiet/regjering/regjeringsplattform/kap14/, punktet "Språk, litteratur og media"

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no