Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. APRIL 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk Bergenstest i oktober

 (28.08.2008)

Lenge har det vore uråd for innvandrarar som brukar nynorsk å dokumentere at norskkunnskapane deira er på eit høgt nivå. Prøva som blir kalla Bergenstesten har berre vore mogleg å ta på bokmål. No melder Folkeuniversitetet at den kjem på nynorsk i oktober. - Ei gladmelding, seier Bjørg Vartdal Hareide ved Ulstein Kompetansesenter.

- At Bergenstesten no kjem på nynorsk, er er ei gladmelding for mange innvandrarar som planlegg å studere i Noreg. Bergenstesten er ein eksamen på høgare nivå, og er obligatorisk for alle vaksne innvandrarar som ønskjer å studere i Noreg, seier Bjørg Vartdal Hareide, inspektør Ulstein Kompetansesenter i ei pressemelding.

Fram til no har nynorskstudentar blitt diskriminerte ved at denne obligatoriske eksamenen berre har vore tilgjengeleg på bokmål. Etter press frå mange hald kjem endeleg Bergenstesten på nynorsk frå 18. oktober 2008.

Per i dag får innvandrarar m.a. i Hareid, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta opplæring på nynorsk. Desse får opplæring til norskprøve 2 og 3 i det kommunale systemet.

Måndag 1. september startar Ulstein Kompetansesenter eit intensivkurs for vidarekomne. Dette kveldskurset har ei samling i veka, og fører fram til norskprøve 3 i februar. Dersom det vert nok interesserte deltakarar, vil denne gruppa halde fram til Bergenstesten på nynorsk.

Relaterte saker
Bergenstesten kjem på nynorsk
Nynorsk for alle

Pressemelding Ulstein Kompetansesenter
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no