Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utlysing av stipend

 (28.11.2008)

Noregs Mållag lyser ut to stipend à kr 50 000. Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde.

Prispengane er ei løyving frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Dette er tredje året stipenda vert lyst ut. I 2008 var det Marianne Furevikstrand og Øystein Runde som fekk tildelt kvart sitt stipend på 50 000 kroner.

Føremål
Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Stipendnemda ser særleg positivt på søknader som har som formål å få nynorsken i bruk på område der han frå før har lite rom.

Kriterium for tildeling
Ei kvinne og ein mann skal tildelast eit stipend à kr 50 000. Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser.

Krav til søknad/prosjektbeskriving
- problemstilling og mål
- arbeidsform/metode
- tidsplan
- budsjett
- vedlegg: CV og ev. referansar til tidlegare arbeid

Krav til sluttrapportering
Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport (papir og elektronisk) innan fristen. Stipendiatane må seia seg villige til å leggja fram prosjektet for styret eller andre organ etter nærmare avtale.

Frist for innlevering av søknad med prosjektbeskriving
15. februar 2009

Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Styret tek sikte på å kunngjera kven som har fått tildelt stipend, i løpet av mars 2009. Frist for innlevering av ferdig prosjekt er sett til 1. oktober 2009.

Styremedlemmer og tilsette i Noregs Mållag kan ikkje søkja stipendet.

For meir informasjon
Ta kontakt med Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (mobil) eller på e-post.



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no