Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Magne Rommetveit er død

 (09.01.2009)

Magne Rommetveit (fødd 1918) vart 90 år og feira sin siste runde dag i haust. Han vart utnemnd som heidersmedlem i Noregs Mållag i 1998.

Denne utmerkinga fekk han for ein lang og engasjert innsats for målsaka. Magne Rommetveit såg tidleg kor viktig fjernsynet og radioen ville vere for nynorsken, og var difor sentral oppstarten i Kringkastingsringen.

Leksikografien vart det vitskaplege arbeidsfeltet hans. Han byrja i Ibsen-ordboka i 1950, og heldt fram med Norsk landbruksordbok, der han utarbeidde eit fagkartotek på 80 000 ord. NLO låg føre i to store band i 1978 med oppslagsord på sju språk, og var den fyrste store terminologiordboka som var skriven inn på data. Same år vart han dosent, seinare professor, i nordisk målvitskap, og var leiar for nynorskavdelinga ved Norsk leksikografisk institutt ved Universitetet i Oslo til han gjekk av med pensjon hausten 1988. I hans tid vart Nynorskordboka (1986) fullført, band 2 av Norsk Ordbok kom ut.

Synonymikk og omgrepsdefinering var sentrale leksikografiske deldisiplinar for Magne Rommetveit. Nytten av dette fekk han synt fram læreboka På godt norsk (1981) som han skreiv i lag med andre, og som vart ei svært mykje brukt lærebok i nynorsk for offentleg tilsette. Enda viktigare er den store synonymordboka Med andre ord (1985), som har kome i fleire auka utgåver, siste gongen i 2007. For dette verket fekk han i 2000 Norsk faglitterær forfatterforenings ordbokspris.

Hovudoppgåva for nynorskavdelinga ved Norsk leksikografisk institutt i mesteparten av den tida han var der (1978 - 1987), var elles å få redigert Nynorskordboka, som kom for første gong i 1986. To sentrale verk i nynorsk leksikografi vart dermed det akademiske livsverket til Magne Rommetveit.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no