Ottar Rekkedal meinte at Sykehuset Innlandet dreiv med språkleg rasisme og klaga til leiinga med kopi til Kultur- og kyrjedepartementet. Sjukehuset lovar no å skjerpe seg.
- I to år har eg diktert på nynorsk, konsekvent får eg attende mine notat på eit dårleg bokmål. Formuleringane mine som skulle vere eksakte og spesifikke er vatna ut og knapt å kjenne att. Dette må eg sette min signatur på og godkjenne. Ikkje berre skal eg stå inne for formuleringar som eg ikkje har laga, men eg skal og stå inne for at eg er språkleg evnukk, skreiv Rekkedal i eit brev adressert til adm.dir. Bente Mikkelsen i Helse Sør-Aust RFH. Rekkedal har sendt ein kopi til Kyrkje- og Kulturdepartementet.
I november fekk han svar frå sjukehuset. "Sykehuset Innlandet vil skjerpe inn praksisen, slik at Dr. Rekkedals diktat heretter blir gjengitt ordrett." No skriv
gd.no at departementet òg har konkludert - og gjev full støtte til nynorsklegen. I brevet til Helse Sør-Aust RHF slår departementet fast at dei tilsette står fritt til å nytte sin eigen målform i sine notat, og at dei som skriv ut den dikterte teksten må fylgje den målforma som brukast av han som har skrive teksten. Dei viser til målloven og likeverds- og likestillingsprinsippet.
- Saka er viktig for meg. Det er sårt å ikkje bli teke på alvor. Denne saka har stadfesta at det sjølv i eit føretak som Helse Sør-Aust er greitt å mobbe nynorskbrukarar. Eg skulle ynskje at Helse Sør-Aust var meir opptekne av likeverd for sine tilsette. I to månader har eg kjempa for å få nynorsk retteprogram på maskina mi. Eg får ikkje eingong svar, hevdar nynorskforkjemparen til avisa.
-Språkrasisme