Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Ingvill Tandstad

 (21.04.2009)

Ingvill Tandstad, journalist i NRK Østlandssendingen, er tildelt Alf Helleviks mediemålpris 2009.

Tandstad er den fyrste nynorsktalande journalisten som er tilsett ved NRK sitt største distriktskontor, NRK Østlandssendingen i Oslo. Ho arbeider som journalist og programleiar i radio og fjernsyn, og er tildelt prisen for sin konsekvente nynorskbruk i eit elles bokmålsdominert mediemiljø.

- Dette var veldig overraskande, og veldig kjekt! Eg har ofte fått kjeft for å bruke nynorsk i bokmålland, så denne utmerkinga gjer meg utruleg glad, seier Tandstad.

Grunngjevinga for prisen:
Ingvill Tandstad er ein motstraums journalist i hovudstadseteren. Innbyggjarane i Oslo kjem frå heile landet, og har ulik bakgrunn og identitet. Nemnda, samansett av leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Harald Stanghelle og Ingvild Bryn, ynskjer å leggje vekt på at det er viktig å fremje røyster i hovudstaden som ikkje har bokmål som talemål. Tandstad er ein pionér og eit førebilete, ikkje berre for innflyttarar frå nynorsktalande stader, men for den store gruppa av Oslo-borgarar som har ein nynorsk språkidentitet og som er interesserte i språk .

Nemnda ynskjer også å leggje vekt på kor viktig det er at born og unge i Oslo og Akershus vert eksponerte for nynorsk som ein naturleg del av språkbiletet i det offentlege rom.

Prisen vert delt ut på årsmøtet i Det Norske Samlaget.

Pressemelding Samlaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no