Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk barnelitteraturpris til Sissel Horndal

 (24.04.2009)

Sissel Horndal får Nynorsk barnelitteraturpris 2008 for biletboka Himmelspringaren.

Juryen trekkjer fram at boka er svært dyktig handverk frå forfattarens hand. Historia om lammet Lilla og Rakkarhågsauene er på mange måtar ei klassisk forteljing om mot og venskap, men dei vakre illustrasjonane og det forfriskande språket er av det slaget som er med på å halda biletboksjangeren høgst levande både blant små og store.

Sissel Horndal har med boka Himmelspringaren laga ei barnebok som kombinerer ei rad ulike element; her er humor og alvor, livsvisdom som verken er påtrengande eller pompøs, og ein sjølvsagt kjærleik til dyr og natur. Ein bra slant spaning og litt fin filosofering i tillegg gjer boka til ei av desse som både gler oss i noet men som samstundes viser veg vidare innover i bøkene si vedunderlege verd.

Sissel Horndal bur i Mørsvikbotn i Sørfold Kommune i Nordland.

Juryen ønskjer i denne samanhangen òg å løfta fram det vesle forlaget Mangschou som dei seinare åra har gitt ut ei rad gjennomarbeidde og vakre kvalitetsutgjevingar for barn.

Prisen blir delt ut under landsmøtet til Noregs Mållag laurdag 25. april kl. 15.30 på Quality hotel 33 på Økern i Oslo.

Prisen er på kr. 30.000,-

Meir om boka

Oversyn over tidlegare vinnarar

For meir informasjon:
Informasjonskonsulent Kjartan Helleve: 94397998


Grunngjevinga

Årets pris går til Sissel Horndal for boka Himmelspringaren.

Biletboka som innkasserer prisen for 2008 er ei bok som viser svært dyktig handverk frå forfattarens hand. Historia om lammet Lilla og Rakkarhågsauene er på mange måtar ei klassisk forteljing om mot og venskap, men dei vakre illustrasjonane og det forfriskande språket er av det slaget som er med på å halda biletboksjangeren høgst levande både blant små og store.

Juryen ønskjer i denne samanhangen òg å løfta fram forlaget Mangschou som dei seinare åra har gledd oss med ei rad gjennomarbeidde og vakre kvalitetsutgjevingar for barn.

Sissel Horndal har med boka Himmelspringaren laga ei barnebok som kombinerer ei rad ulike element; her er humor og alvor, livsvisdom som verken er påtrengande eller pompøs, og ein sjølvsagt kjærleik til dyr og natur. Ein bra slant spaning og litt fin filosofering i tillegg gjer boka til ei av desse som både gler oss i noet men som samstundes viser veg vidare innover i bøkene si vedunderlege verd.


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no