Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til Danbolt Mjøs

 (24.04.2009)

Noregs Mållag har gitt Målblomen 2009 til tidlegare leiar for Nobelkomiteen, Ole Danbolt Mjøs.

Danbolt Mjøs tok i mot heideren på Noregs Mållag sitt landsmøte i Oslo, og takka varmt for Målblomen.

- Eg har aldri fått nokre negative reaksjonar på at eg las opp grunngjevingane på nynorsk. Ikkje i Nobelinstituttet, ikkje i Noreg og heller ikkje frå utlandet. Det må me ta som eit teikn på at nynorsk no er eit verdsspråk, sa prisvinnaren med eit glimt i auga.

Grunngjevinga
Den 10. desember 2008 delte Ole Danbolt Mjøs ut Nobels fredspris i Oslo Rådhus for sjette og siste gong som leiar i Nobelkomiteen. Mjøs har kvart år lese grunngjevinga på nynorsk, og det for nær ein halv milliard menneske. Han er truleg den som når lengst ut i verda med nynorsk. Dette er ei flott markering, og Noregs Mållag vil takka Mjøs med ein målblome. Mållaget er oppteke av at nynorsk kan nyttast i alle samanhengar, og Ole Danbolt Mjøs syner at det nettopp går an å gjere.


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no