Til framsida
SØK:
Noregs Mållag
Postboks 474 Sentrum
0105 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 2. SEPTEMBER 2010 Information in english


Nyhende Arkiv Nyhendebrev Haustseminar Vervekampanje Barnehagekampanje For lokallaga Lagsoversyn Organisasjon Mållaget meiner Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom For pressa I pressa Pressemeldingar Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format

50 000 til kaffi og spel

 (25.04.2009)

Noregs Mållag har delt ut to stipend som skal hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på ulike samfunnsområde. Det eine går til utvikling av eit brettspel som skal styrke nynorskopplæringa, det andre går til ein kaffiimportør.

Audun Blokkum er frå Oslo og arbeider som lærar i Bærum. Gjennom arbeidet sitt har han sett kor vanskeleg det er for mange elevar med bokmålsbakgrunn å læra nynorsk. Han har laga eit brettspel som kan brukast i klasserommet, og som let elevane spela og leika seg til lærdom i grammatikk, ordlistebruk og ordtilfang på nynorsk. Spelet er førebels berre laga i ein prototype og testa ut på nokre få elevar, men Blokkum vil no få hjelp til grafisk utforming og produksjon av spelet, og vil på sikt prøva å selja det til skular over heile landet.

Zapatistgruppa i Bergen får stipendet til prosjektet Cafe YaBasta. Gjennom prosjektet vil dei importera og selja kaffi frå zapatistar i Mexico, og dei ønskjer å bruka nynorsk på etikettane på kaffien som blir selt her i landet. Cafe YaBasta å setje søkjelys på kulturelle og språklege rettar og på zapatistane sitt arbeid med å opprette og drive skular med undervising i eigne språk. I søknaden skreiv dei mellom anna:
"Retten til språk er ein slik konkret og global kamp, og me meiner zapitastane har denne til felles med den norske målrørsla. På same måte som målrørsla i Noreg har vore del av ei brei folkerørsle retta mot kulturell og sosial undertrykking, er språk og kultur ein viktig del av zapatistrørsla sin kamp mot utbyting og for eit deltakande demokrati."
Marry-Anne Karlsen tok i mot prisen på vegne av prosjektet.

Stipenda vart delt på Noreg Mållag sitt landsmøte på Økern i Oslo. Stipend er på 50 000 kroner.

Utslysingsteksten

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2010 - Sidene laga av Zetta AS - Vevmeister