Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Øvregård ny leiar i Noregs Mållag

 (26.04.2009)

Håvard B. Øvregård er vald til ny leiar i Noregs Mållag.

- Vi må få meir nynorsk i skule og barnehage, meir nynorskopplæring til innvandrarar og meir nynorsk i media. Når språkmeldinga vert vedteke i Stortinget tysdag er det berre å brette opp erma og arbeide. Då må me fylle alle dei gode intensjonane med gode tiltak, seier Håvard Øvregård.

- Noregs Mållag er den eine store språkorganisasjonen i Noreg. Vi har difor eit ansvar også i den generelle språkdebatten i Noreg, sa den nyvalde leiaren.

Håvard Øvregård er frå Volda og er 34 år. Håvard har brei organisasjonsrøynsle mellom anna frå Høgre, Norges Gymnasiastsamband, Norsk Målungdom, Landsrådet for Norske Barne- og Ungdomsorganisasjonar og den europeiske ungdomsparaplyorganisasjonen ”European Youth Forum”. Håvard har det siste året vore nestleiar i Noregs Mållag.

Landsmøtet til Noregs Mållag vart halde 25.-27. april i Oslo

Pressebilete 1
Pressebilete 2

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no