Aud Søyland er ny nestleiar er vald til ny nestleiar i Noregs Mållag. I tillegg har styret fått to nye medlemer.
Søyland frå Valdres er ny nestleiar i Noregs Mållag. Søyland (f.1954) er språkvaskar, ordbokredaktør, omsetjar, kommunepolitikar, folkemusikar og lokalaktivist og ho var leiar i Norsk Målungdom frå 1981 til 1982. Har skrive eller vore med på å skrive bøker om stølsliv, om språkføring, nynorsk, dialektar og om jernbane.
Dei to nye styremedlemane er
Kirsten Tegle Bryne og
Maria Svendsen. Bryne Tegle (f.1957) er leiar i Rogaland Mållag og samfunnsplanleggjar i Statens Vegvesen. Maria Svendsen frå Oslo er Norsk Målungdom sin representant i styret til Noregs Mållag. Svendsen (f.1988) er nyvald leiar i Norsk Målungdom.
Dei andre i styret er
Jon Todal, frå Kautokeino. Todal (f.1952) er professor i sosiolingvistikk ved ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole.
Bente Riise, frå Oslo. Riise (f.1962) er skriftstyrar i Syn og Segn.
Olav Kuvås, frå Børsa i Sør-Trøndelag. Kuvås (f.1949) er advoktat.
Varamedlemmer:
Gudrun Kløve Juuhl (Oslo),
Håkon Steinar Giil (Hyllestad),
Reza Rezaee (Oslo),
Marit Aakre Tennø (Luster)
Landsmøtet til Noregs Mållag vart halde 24.-26. april i Oslo
For meir informasjon ring:
Informasjonskonsulent Kjartan Helleve 94397998
Leiar: Håvard B. Øvregård tlf: 917 73 157
Pressebilete Aud Søyland