Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk næringslivspris 2008 til Kari Traa AS

 (05.12.2008)

Noregs Mållag delte i dag ut Nynorsk næringslivspris til Kari Traa A/S. Prisen skal gå til ei verksemd som heilt eller delvis nyttar nynorsk i marknadsføring og anna kundekommunikasjon.

- Ved å nytta nynorsk i marknadsføringa av sportstøy har Kari Traa og selskapet hennar vist veg for næringslivet. Gjennom dette bidreg ho til at nynorsk får ein tydeleg identitet som marknadsføringsspråk, seier juryleiar Berit Rekve.

- Tusen, tusen takk, sa Kari Traa under prisutdelinga i Det Norske Teatret i Oslo. - Det har vore heilt logisk å bruke nynorsk sidan både folka bak Skigutane og eg sjølv kjem frå Voss. Det var jo nynorsk me kunne. Men etterkvart har denne vesle verksemde vakse seg stor. Fyrste året omsette me for 3 millionar i året, no nærmar det seg 80 millionar. No har det vorte enno viktigare å understreke at det er nynorsk som er språket vårt, både utover og internt, sa Traa.

Juryen si grunngjeving
"Vinnaren av Nynorsk næringslivspris 2008 sel klede i ein bransje med sterk konkurranse, og kolleksjonane og personen Kari Traa vender seg til ei ung målgruppe. Kari Traa AS nyttar nynorsk i eit viktig og landsdekkjande nedslagsfelt, og gjennom aktivitetar med ein sterk merkeprofil. Slik gir verksemda nynorsk ein tydeleg identitet som marknadsføringsspråk."

Tidlegare vinnarar: Lerum AS (2006), Hotel Alexandra, Loen (2007)

PRM Noregs Mållag 5.12.2008
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no