I juni markerer Nynorsk Antikvariat at dei har halde på i 20 år. Det blir både jubileumsmarkeringar og jubileumskatalog. - Rett bok i rett hand har vore mottoet vårt heile tida. Det er dette som er «himmelen » over yrket vårt: å la kulturskattane få eit nytt liv og skape glede når så skjer. Det gjev meining til kvar handel, skriv eigar Arne-Ivar Kjerland i forordet til den nye katalogen som blir sendt ut i midten av juni.
Antikvariatet har laga til eit nytt rom for litteratur om litteratur. Rommet innheld bøker om grafisk bransje, litteraturteori, litteraturhistorie og forfattarskap. I tillegg vil dei ha ei utstilling med dei flottaste bøkene.
Nynorsk Antivariat legg vinn på å ha oversikt over heile den nynorske bokheimen frå klassikarane våre og fram til vår tid, men er eit allment antikvariat med eit rikhaldig sortiment av bøker på dei fleste språk. Verksemda har fire tilsette og held til i Bokhuset Skagerak Antikvariat i Tvedestrand der 60.000 bøker er fordelt på tre etasjar.