Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Rekkedal årets nynorskbrukar

 (25.06.2009)


Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal frå Lillehammer er Årets nynorskbrukar 2009.

Prisen "blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk".

Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal dikterer konsekvent på nynorsk, men har i fleire år fått notata sine tilbake på bokmål frå skrivestua på Sjukehuset Innlandet, Lillehammer. Dette fekk han nok av i fjor haust, og klaga til direktøren og departementet. Departementet gav si fulle støtte til Rekkedal og no har han også fått prisen Årets nynorskbrukar, mellom anna for viljen til å gjere nynorsk til eit allminneleg språk også i norsk helsevesen.

Ottar Rekkedal var svært takksam for prisen. – Sjølv om eg er gardbrukarson, har eg det meir i kjeften enn i hendene. Eg hugsar lite av telefonsamtalen då eg fekk vite om prisen, men eg håpar eg sa takk, sa Rekkedal på opningshøgtida under Dei nynorske festspela.

Rekkedal får 50.000 kroner, eit eksklusivt grafisk trykk av Arne Nøst og ein diplom signert av styreleiar Oddvar Haugland. Nytt av året er også at han får eit gåvekort til kampanjen ABC redder barna, som Nynorsk kultursentrum samarbeider med Redd Barna om, og som går til å lære born i Nepal å knekke lese- og skrivekoden.

Pressemelding Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no