Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 12. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

"Nordmannen" i reklamefilm for Aker

 (03.09.2009)

- Når me no skal hylle nordmenn og norsk industri var "Nordmannen" eit klårt val, då det er det mest norske me har, seier Geir Arne Drangeid, kommunikasjonsdirektør i Aker.

Det er Anderz Eide som les diktet "Nordmannen" i reklamefilmen frå Aker. (Foto: Paradox)

Diktet blir proklamert gjennom den nesten tre minuttar lange reklamefilmen, og versjonen som blir nytta er den siste, som kom i tredje utgåva av diktsamlinga Symra frå 1875.
- Filmen slår ganske enkelt fast at vår type industri og dei verdiane me skaper, er eit produkt av Noreg og nordmenn, nærleiken til kysten, havet og vår industrielle tradisjon. Diktet hjelper til å formidle dette på ein framifrå måte, seier Geir Arne Drangeid, kommunikasjonsdirektør i Aker.

Språkpolitiske spor
- Akers reklamefilm med diktet "Nordmannen" av Ivar Aasen vil setje språkpolitiske spor etter seg, seier direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet.
- Når nynorsk er eit vanleg språk for Aker, vil det vere det for andre også. Eg trur denne filmen vil setje spor etter seg i norsk reklame, seier Grepstad.

Reinskore tolking
Det er Anderz Eide frå Fusa som les diktet "Nordmannen" i filmen, og Grepstad tykkjer han får det godt til.
- Det er den mest inderlege og reinskorne tolkinga av dette diktet eg har høyrt. Ikkje sidan Gisle Straume laga eit Aasen-program i 1980-åra har dette diktet vore framført så klokt, meiner Grepstad.

Sjå filmen
Sjå Ottar Grepstad fortelje om Aasen

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no