Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Storegutprisen til Rudi gard

 (10.09.2009)

Storegutprisen i år går til vertskapet på Rudi Gard i Sør-Fron i Gudbrandsdalen, melder Vest-Telemark Blad. Prisen vert delt ut for åttande gong. Overrekkinga skjer neste laurdag i samband med Litteraturdagane i Vinje.

I statuttane står det at Storegutprisen vert gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege romet. Styret for Litteraturdagane i Vinje har avgjort at Nina og Øystein Rudi oppfyller intensjonane bak Storegutprisen. Dei driv mellom anna omfattande turisme og kulturformidling på garden sin i Sør-Fron utanom kulturkveldar. Og verbalt nyttar dei nynorsk. I grunngjevinga for pristildelinga heiter det at Nina og Øystein Rudi har ein klar visjon for arbeidet, og at dei strekkjer seg stadig mot nye mål.

Litteraturdagane i Vinje er ei årleg tilskiping der meininga er å bli litt betre kjende med forfattarar frå Vinje og andre delar av landet. Litteraturdagane i Vinje vert i år skipa til for niande gong i tida 18-20.september. I år kjem mellom andre Tore Renberg, Otto Hageberg, Inger Bråtveit og Kirsten Bråten Berg.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no