Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk redaktørpris til Os og Fusaposten

 (05.10.2009)

Nynorsk redaktørpris for 2009 gjekk i år til redaktør og dagleg leiar for Os og Fusaposten Christian Fredrik Stabell.

Redaktør Christian Fredrik Stabell og leiar i Mediemållaget, Berit Rekve (Foto: Rune Hetland/LLA)

- Det er flott å kunne gje prisen til ein redaktørveteran og representant for den store og viktige skogen av nynorske lokalaviser, som er heilt avgjerande for framtida for nynorsken som pressespråk, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.

Prisen vart del ut på Den nynorske mediefesten under Dei nynorske mediedagane fredag 2. oktober.
- Det er ei stor glede å bli tildelt denne prisen og få slik heider, sa Stabell då han mottok prisen. Stabell kjem frå Bergen, og har vore nynorskredaktør i 36 år. Fyrst i Midhordaland og seinare i Os of Fusaposten. I 1976 var han med og stifta det som no heiter «Landslaget for lokalaviser», og var leiar i laget frå 1981 til 1983.

Grunngjevinga
"Stabell har i sine 36 år som redaktør alltid lagt stor vekt på at lokalavisa for Os og Fusa skal skrivast på eit godt og korrekt nynorsk. Stabells språklege haldning har utan tvil vore medverkande til at nynorsken framleis står så sterkt i Os, like i nabolaget til Bergen. Os og Fusaposten har også vore skule for mange dyktige nynorskjournalistar rundt om i norsk presse. Prisen til årets vinnar er ei påskjønning til ein representant for den store og viktige skogen av nynorske lokalaviser, som er heilt avgjerande for framtida for nynorsken som pressespråk."



Pressemelding Mediemållaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no