Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Allkunne.no lansert

 (12.10.2009)

Det nynorske nettleksikonet Allkunne blei i dag lansert på fem ulike stader. I Oslo var det Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, som sa dei høgtidlege orda.

- Det er hol i informasjonen ein finn på internett. Det er desse hola Allkunne skal fylla, sa Øvregård då han offisielt opna nettleksikonet under ei tilskiping i Oslo. Eigentleg var det Bård Vegard Solhjell som skulle stå for opninga, men han var diverre oppteken med å gå av som kunnskapsminister. Noko ein allereie kunne lese om på allkunne.no.

Forlagsdirektør Tove Lie frå Det Norske Samlaget understreka i si innleiinga at Allkunne var viktig både demokratisk, utdanningspolitisk, kulturpolitisk og geografisk.

Så langt inneheld nettstaden rundt 850 artiklar, som alle handlar om det nynorske kulturområdet. Her er artiklar om viktige institusjonar og organisasjonar, artiklar om aviser og kommunar, artiklar om språk og språklege emne, og artiklar om mange personar. På sikt skal nettstaden utvidast til å verta eit fullverdig, allment nettleksikon på nynorsk. Allkunne er i ferd med å inngå avtale med Cappelen Damm om å få kjøpe rettane til å omsetje meir enn 30 000 artiklar frå Caplex.

I tillegg til Oslo var det markeringar i på Bryne, i Førde, i Hovdebygda og på Ål.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no