Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Østfoldmålprisen til Magne Aasbrenn

 (21.10.2009)

Då Østfold Mållag feira 20-årsjubileum laurdag, gjekk Østfoldmålprisen til leiaren gjennom dei siste sju åra, Magne Aasbrenn.

Prisvinnar Aasbrenn og Aud Søyland, nestleiar i Noregs Mållag. (Foto: Arne Kvernhusvik)


Det var ein svært overraska leiar som tok imot prisen, - eit tresnitt av Østfold-kunstnaren Odd Skullerud. Den fyrste leiaren i Østfold Mållag, Per Thorvald Larsen, sa det slik: "Obama fekk fredsprisen for tidleg. Eg skal ikkje seie at du fekk denne prisen for seint, men det var iallfall på høg tid."

Østfold Mållag var frå starten eit lokallag i Vikværingen, som er eit fylkeslag i Noregs Mållag. I 1994 vart det danna tre lokale mållag i Østfold: Fredrikstad Mållag, Sarpsborg Mållag og Indre Østfold Mållag. Østfold Mållag vart då eige fylkesmållag. Derfor kunne laget no feire 20-årsjubileum som lag, og 15-årsjubileum som fylkeslag. Medlemstalet har vakse frå 34 til 85 på dei tjue åra, og laget har heile tida hatt mykje aktivitet.

Jubileet vart feira på på Fjeld gård ved Isesjøen i Skjeberg. Alle dei fire som har vore leiar i Østfold Mållag, Per Thorvald Larsen, Eldbjørg Skaug og Ragnhild Lier og Magne Aasbrenn, var til stades og heldt helsingstalar. Også Noregs Mållag helsa jubilanten med ein gåvesjekk til eit godt målprosjekt i Østfold.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no