Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kringkastingsprisen til Yasmin Syed

 (27.10.2009)

(Foto: Kjartan Helleve)

Kringkastingsprisen 2009 gjekk til Yasmin Syed, kanalvert i NRK. - Ein god ambassadør for nynorsk, meinte juryen.

- Yasmin Syed bruker nynorsk med eit tonefall frå Vest-Telemark, og gjer det på ein trygg og tillitvekkjande måte, anten ho er kanalvert, programleiar eller les kommentarar til utanlandske TV-dokumentarar. Slik viser ho at nynorsken høgste grad er levande også på Austlandet, sa Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen då han delte ut pris på ei tilskiping i Oslo.

Kringkastingsprisen
Kringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

Syed (f. 1966) er oppvaksen i Vinje i Telemark. Ho har vore både programleiar, skodespelar, musikar og kanalvert i NRK. Jula 2008 var ho programleiar for Julemorgen i NRK saman med Kåre Olav Berg.

Nøgd prisvinnar
Prisvinnaren var strålande nøgd med utmerkinga.
-Tusen takk, hjarteleg takk og dette er ei stor ære, sa Syed.
-Denne prisen har fått meg til å tenkje over språket mitt. Eg snakka engelsk då eg flytta til Vinje som to-åring. Der lærde eg meg fort dialekten, men eg snakka engelsk heilt til eg byrja på skulen. Sidan har det vore Vinje-mål for meg. Eg tykkjer språk er fantastisk, det er ein flott ting å leike seg med, og me må hugse på å ikkje ta det for alvorleg, oppmoda prisvinnaren til slutt.

Ragnhild Sælthun Fjørtoft kom til utdelinga for å helsa prisvinnaren på vegner av NRK. Då ho påpeika at dette truleg var fyrste gongen ein nynorsk språkpris hadde gått til nokon med indisk namn, så klappa prisvinnaren.
- Eg klappar for meg sjølv, eg!
 

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no