Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Blix-prisen til Bredahl Simonsen

 (23.11.2009)

Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir kvart år gitt til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. I år gjekk prisen til Are Bredahl Simonsen frå Bodø.

Poetisk og treffande poplyrikk: Are Bredahl Simonsen.(Foto:Kim Ramberghaug)


Are Bredahl Simonsen frå Bodø er best kjent som bakmann og hjelpar i det norske musikkmiljøet, men har gitt ut tre plater som artist. Det er for tekstane Bredahl Simonsen no får pris.

- Bredahl Simonsen løftar det kvardagslege til noko større, poetisk, og han maktar å skape ein høgare himmel over dei små liva våre, skriv juryen i grunngjevinga si .

Liketil og poetisk
- Og på dette viset blir tekstane hans også små kvardagssalmar i livet til det moderne mennesket; melodien er smart pophandverk og tekstlinjene løfter blikka våre og lar oss sjå kvardagslivet vårt i eit nytt lys som skapar undring. Det er ei gåve å få ein sms av ein gammal venn, eller kjenne det første lyset i januar, og orda til Bredahl Simonsen får oss til å stoppe opp ved akkurat dette.

- På eit liketil og poetisk vis skildrar Blix-prisvinnaren livets små og store under, undringar, sakn og gleder, og det i ei språkdrakt som gjer ein stolt av å vere nordnorsk dialektbrukar. Også på vårt mål kan ein skape poesi og treffande poplyrikk, som det svingar av. Saman med dei finstemte melodiane og gode arrangementa, er dette fabelaktig popmusikk med tydeleg språkleg og geografisk forankring, meiner juryen.

Det nordnorske
- Slik står Bredahl Simonsen fint opp mot opphavsmannen til denne prisen, nemleg Elias Blix. På same måte som Blix nyttar den nordnorske naturen og språkdrakta i til dømes salmen ”ein båt i stormen duva”, ser ein tydelege spor av det nordnorske både språkleg og bildemessig hos årets Blix-vinnar.

Pressemelding Samlaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no