Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Audun Heskestad takka av

 (30.11.2009)

Audun Heskestad blei utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag på jubileumsfesten i Oslo rådhus i 2006.



Audun Heskestad, mangeårig forlagssjef i Samlaget, hadde i dag sin siste dag på jobb etter 38 år i forlaget. Mange hadde møtt fram på denne spesielle dagen for å takke av målmannen og forleggjaren.

Audun Heskestad kjem frå Heskestad i Dalane. Han blei medlem av Det Norske Samlaget for 50 år sidan, då han tok til som tingar av Syn og Segn. I studietida hadde han nokre strøjobbar på lageret til forlaget, før han i 1971 tok til som økonomisjef. Frå 1980 til 2004 arbeidde han som forlagssjef i Samlaget, og blei med det ein av dei mest sentrale aktørane i målrørsla. Heskestad har dei siste fem åra arbeidd som spesialrådgjevar i forlaget, før han no skal bli pensjonist.

Les meir om Audun Heskestad i Allkunne.

På mottakinga var både forlagsverda, forfattarstanden, målrørsla og partiet Venstre godt representert, i tillegg til ei rekkje andre Audun Heskestad har arbeidd saman med i ulike roller gjennom fire tiår.

Bli tilhengar av Audun Heskestad på Facebook.

Audun Heskestad har mellom anna vore viktig i kampen for nynorske læremiddel og nynorsk litteratur og språk elles. Han er i dag styreleiar i Nynorsk Pressekontor, og blei utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag på jubileumslandsmøtet i 2006.

Noregs Mållag takkar for innsatsen så langt og ynskjer Audun Heskestad lukke til som pensjonist!

Jens Kihl
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no