Til framsida
SØK:
Noregs Mållag
Postboks 474 Sentrum
0105 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 2. SEPTEMBER 2010 Information in english


Nyhende Arkiv Nyhendebrev Haustseminar Vervekampanje Barnehagekampanje For lokallaga Lagsoversyn Organisasjon Mållaget meiner Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom For pressa I pressa Pressemeldingar Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format

Stenvold bryt språkbarriere

 (16.12.2009)

Prislønt dialektbrukar: Ingerid Stenvold har tidlegare motteke Kringkastingsprisen for dialektbruken sin, men Mållaget meiner det stiller seg annleis med dialektbruk i Dagsrevyen.
Den profilerte journalisten og programleiaren Ingerid Stenvold frå Troms blir den fyrste som snakkar dialekt i Dagsrevyen på NRK.

Stenvold har tidlegare vore programleiar i Sommarope, Lydverket og frokost-tv samt ankarkvinne i sporten. Frå nyttår blir ho altså å sjå som nyhendeopplesar i Dagsrevyen, som fram til no har vore ein programpost reservert normalisert nynorsk og bokmål.

Ingerid Stenvold fekk lov til å snakke Målselv-dialekten sin på Dagsrevyen etter eit særskild vedtak på leiarnivå i NRK, melder VG. I 2007 fekk Stenvold Kringkastingsprisen frå Kringkastingsringen for å snakke dialekt på tv.

Ros og kritikk
Vedtaket i NRK om å bryte språkreglane for Dagsrevyen vekkjer mange reaksjonar, både positive og negative. Korkje Riksmålsforbundet eller Noregs Mållag ser fram til dialektbruk på Dagsrevyen.

– Det er viktig at språkbrukarane høyrer korrekt nynorsk og bokmål opplese, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, til VG. Mållaget har nett teke opp dialektspørsmålet med NRK, ettersom det i dag er mykje mindre normalisert nynorsk i statskanalen enn kva reglane frå Stortinget krev. Mållaget meiner det skal vere normert nynorsk eller bokmål i nyhendesendingane.

– Men Ingerid Stenvold er ein dyktig språkbrukar og har vore eit føredøme i bruken av dialekt, meiner Øvregård.

På riksmålssida er reaksjonane meir einsidig negative.

– Stenvold må rette seg etter dei reglane som er vedtekne, meiner nestleiar Tor Guttu i Riksmålsforbundet. Finn-Erik Vinje er i VG sitert på at han meiner regelendringa er ”vanvittig” og ”oppsiktsvekkjande”.

Jens Kihl
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2010 - Sidene laga av Zetta AS - Vevmeister