Til framsida
SØK:
Noregs Mållag
Postboks 474 Sentrum
0105 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 6. SEPTEMBER 2010 Information in english


Nyhende Arkiv Nyhendebrev Haustseminar Vervekampanje Barnehagekampanje For lokallaga Lagsoversyn Organisasjon Mållaget meiner Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom For pressa I pressa Pressemeldingar Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format

Statsborgarbrev på nynorsk

 (18.12.2009)

(Foto: Siri Vaggen Olsen)
Utlendingsdirektoratet (UDI) har fram til no berre laga statsborgarbrev på bokmål, men skal no lage slike brev også på nynorsk. Det skjer etter at Stephen, Agnes og Edmund Walton og Språkrådet tok opp saka.

Alle nye statsborgarar får statsborgarbrev. Då Stephen, Agnes og Edmund Walton søkte om statsborgarskap på nynorsk, venta dei å få både vedtak og statsborgarbrev på denne målforma, slik dei har rett til etter mållova.

UDI svara at statsborgarbrevet berre var tilgjengeleg på bokmål fordi det ville vere dyrt å produsere dette brevet på begge målformer. Då Språkrådet skreiv til UDI på vegner av Walton-familien, snudde UDI i saka.

– No gler vi oss til å få statsborgarbrev på rett målform, seier Stephen Walton.

I eit brev opplyser UDI at statsborgarbreva frå no av skal finnast både på nynorsk og bokmål.

Språkprisen 2009
Stephen Walton, som er forfattar og professor i nynorsk skriftkultur, fekk i november Språkprisen 2009 på konferansen Språkdagen for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa. I takketalen tok Walton opp saka om statsborgarbrevet.

Språkrådet
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2010 - Sidene laga av Zetta AS - Vevmeister