Arne Sortevik meiner at "problemstillingen om språkbruk (er) nesten grotesk". Det gjer ikkje Helseministeren. Stortingsrepresentant Arne Sortevik (FrP) har skrive brev til Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap). Han lurer på om statsråden vil syte for at ressursane på Haukeland sjukehus blir nytta på pasientar og ikkje på å lære dei tilsette å bruke nynorsk.
Han skriv mellom anna at "norske sykehus har fortsatt dårlig økonomi. Det er fortsatt lang ventetid for pasienter som trenger behandling ved norske sykehus eiet av staten. På denne bakgrunn er hele problemstillingen om språkbruk (og skiltbruk) nesten grotesk. I alle fall må den fremstå som krenkende for alle som venter på sykehusbehandling."
Mogleg å fylgje to lovverk samstundesHelseministeren meiner at dette ikkje er noko problem. I eit nesten krystallklårt svar skriv ho: "Jeg forutsetter at de budsjettmidler som stilles til disposisjon for de regionale helseforetakene skal sikre at ”sørge for”-ansvaret blir godt ivaretatt. At en samtidig skal følge mål og krav i annet regelverk, som for eksempel i Lov om målbruk i offentleg teneste, vil ikke hindre dette."
Samstundes melder Haukeland sjukehus om eit overskot i 2009 på mellom 15 og 30 millionar kroner.
Les heile svaret- Kunnskapslaust frå Sortevik- Helse Bergen må ta ansvarSpråkrefs til Haukeland sjukehus