Språk i barnehagen
(04.01.2010)
9. februar vert det konferanse om nynorsk i barnehagen på Kulturhuset på Sand i Ryfylke.
I panelet sit mellom andre Ingar Arnøy frå Noregs Mållag, Sylfest Lomheim frå Språkrådet, Ingeborg Mjør frå Universitetet i Stavanger og Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret. Kvifor bør barna høyre nynorsk litteratur i barnehagen? Kvifor bør ein formidle den lokale dialekten og den nynorske songskatten til barna? Korleis kan nynorsken stå sterkare i barnehagen?
Det er Suldal Mållag saman med Rasmus Løland - markeringa, Ryfylkemuseet og Suldal kommune som inviterer til konferanse. Ideen om ein konferanse kom til då Suldal Mållag hadde møte med ordførarar og rådmenn i kommunane Hjelmeland, Sauda, Suldal og Vindafjord der ein mellom anna tok opp språksituasjonen i barnehagane.
Målgruppa for konferansen er tilsette i barnehagar og barneskule, politikarar, føresette og andre interesserte.
Pressemelding Suldal Mållag
|
|