Kevin Unhammer ved Universitetet i Bergen og Trond Trosterud ved Universitetet i Tromsø har laga eit dataprogram som gjer det mogleg å setje om tekst og heile nettsider til nynorsk.
Det er det amerikanske selskapet Google som har betalt Unhammer for å lage programmet. Det er gratis å bruke og er det fyrste i sitt slag. Trond Trosterud seier til
NRK at dette er eit viktig verktøy.
– Slike program vil til dømes gjere det enklare for kommunar og offentlege organ å skrive tekster og skjema på ulike språk og målformer. Så kan omsetjarane konsentrere seg om heilskapen i teksta, i staden for å bruke tid på å slå opp i ordbøker, seier Trosterud.
– Det som no veks fram er den firespråklege staten. Fylkesmannen har nettsider på bokmål, nynorsk, engelsk og nordsamisk. Det er eit stort maskineri å administrere, og ein av nøkkelkomponentane i den fleirspråklege staten vil vere programvare som dette, seier Trosterud til NRK.
Prøv programmet her