Lerum og reklamebyrået Bates United/Tangram fekk gullmedalje og fire stjerner i Stella-tevlinga, som er reklame- og designbransjen si store årlege tevling.
Utemerkinga kom i kategorien Design - produktidentitet for kampanjen for «Lerums utvalde». Dette er ein serie med syltetøyprodukt som skal vera betre og meir eksklusive enn det Lerum til dømes produserer for matvarekjedene under andre namn.
– Jubelen stod i taket når me fekk vita om dette torsdag kveld. Eg er med salsapparatet vårt på seminar i Tyskland, og det var svært gledeleg å kunna fortelja dette til våre tilsette, fortel administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug til
Sogn Avis.
– Me har satsa svært mykje på dette, både i form av kreativitet, fagleg utvikling og finansielt og me har lukkast svært godt med å introdusera dette produktet i marknaden. Denne prisen syner at me definitivt har gjort noko rett og dette er rett og slett fantastisk kjekt, seier Lerum Hjellaug til avisa.
Lerum fekk
Nynorsk Næringslivspris i 2007.
Les meir