Rekordår for teatret
(01.02.2010)
Det ser ut til at Det Norske Teatret får eit rekordgodt økonomisk resultat i 2009.
Teatret har hatt eit variert repertoar som gav eit samla publikumstal på 187.026, medan talet for 2008 var 175.000. Kritikar- og publikumssuksessane i 2009 var mange. Blant dei finn vi «Evig Ung», «"Jungelboka" og «Jesus Christ Superstar» på Hovudscena, i tillegg til «Andromake», «Så blir det stilt» og «Per Sivle – ikkje lenger enn min kjærleik rekk» på Scene 2.
Det Norske Teatret hadde eigne inntekter på 42,8 millionar kroner. Dette er blant dei beste resultata nokon gong for teatret.
Resultatrekneskapen viser eit overskot på 15,5 millionar kroner. I dette er ei tidlegare balanseført avsetjing for vedlikehald på 5,1 millionar kroner inntektsført. Det reelle årsresultatet er med andre ord på 10,4 millionar kroner mot eit underskot på 6,2 millionar kroner for 2008.
NPK
|
|