Eit nytt temahefte om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen blir i desse dagar sendt ut til alle norske førskulelærarar.Heftet er laga av ei gruppe fagfolk ved UiS på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD). Forfattarane er førstelektor Anne Høigård og universitetslektor Ingeborg Mjør ved Institutt for førskulelærarutdanning og universitetslektor Trude Hoel ved Lesesenteret.
Skal inspirereSpråkmiljø og språkstimulering i barnehagen er trekt fram som eitt av fire prioriterte område strategien til departementet for kompetanseutvikling i barnehagen for perioden 2007-2010. For å støtte barnehagen sitt arbeid med innføring av rammeplanen er det utarbeidt fleire temahefte. Heftet om språk er meint som inspirasjon og grunnlag for refleksjon i arbeidet med å leggje til rette for god språkstimulering i alle norske barnehagar.
Språkutvikling gjennom leik- Vi har skrive om korleis barnehagen kan skape eit godt språkmiljø for alle barn, både i eit einspråkleg og i eit tospråkleg perspektiv. Dei fleste barna utviklar språket naturleg gjennom dei gode aktivitetane som skjer i løpet av barnehagedagen. Alle dei sentrale aktivitetane er viktig for barna si språkutvikling: Leik, samtale og det gode samværet. Song og forteljingar har også mykje å seie for ei god språkutvikling. Barna kan for eksempel ofte syngje ein tekst lenge før dei er i stand til å seie fram den same teksten, seier Anne Høigård.
Les meir