Det nye året opna med at Noregs Mållag sende ut flygeblad i Norsk Tidend til alle medlemane med spørsmålet:
Kven manglar?
Alle fekk utfordringa om å kome med tips til namn på folk som bør bli medlem i Noregs Mållag.
- Dette var tydlegvis mange som hadde eit svar på. Til no har vi fått inn over 200 nye namn på folk. Desse får eit brev og ein vervegiro i posten. Og då vonar vi sjølvsagt at dei tek utfordringa og vert medlem i Mållaget, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.
Verv to og få ein spesialkopp! Verv mest og vinn ei reise til 10 000 kroner!- Det er over 10 000 medlemer i Noregs Mållag, og vi vil gjerne bli fleire. Det er mange som veit om folk som burde ha vore med, men som av ulike grunnar ikkje er det, seier Håvard B. Øvregård.
Veit du om nokre som bør bli medlemer i Mållaget? No vil vi at du sender namna på desse folka inn til oss. Vi sender så ut eit hyggjeleg brev, der det står at du tykkjer at personen bør melde seg inn. Melder ho eller han seg inn, vankar det vervepremie til deg.
Les meir om vervekampanjen her.