Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Bergljot K. Nordal

 (02.03.2010)

Bergljot Kaslegard Nordal frå Ål har fått målpris Frå Buskerud Mållag for romandebuten «Magda».

– Eg vart veldig overraska og lo godt og lenge. Det har vore vanskeleg å finne målet mitt. Eg er framleis på leit etter meg sjølv i nynorsken, seier Bergljot Kaslegard Nordal, til Hallingdølen.
Det var avtroppande leiar i Buskerud Mållag, Harald Sundsøy, som overrekte Målprisen til den unge prisvinnaren. Ho fekk prisen for «Magda», debutromanen hennar frå i fjor som ho har gjeve ut på Tiden Norsk Forlag.

«Du har skrive så fint og sterkt om det å vere nær 80, at vi nesten gløymer at forfattaren så vidt er over 30», heiter det i grunngjevinga.
– Prisen er ein motivasjon til å jobbe meir med nynorsken. Han forpliktar jo også litt, seier Bergljot Kaslegard Nordal.
Ho er alt i gang med ein oppfølgjar. Historia om «Ruth» er alt i gang. Går alt som det skal, kan boka kome i 2011, skriv avisa Hallingdølen.

Målprisen er eit trykk frå grafisk designer og teiknar Trond Andersson.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no