Ny leiar i Rogaland
(09.03.2010)
I Rogaland Mållag vart det leiarskifte denne helga. Vidar Lund vart vald til ny leiar. Han er noverande leiar i Stavanger Mållag.
Sunnmøre Mållag samla seg til årsmøte i Fosnavåg i helga som var. Der tok Terje Kjøde attval etter ein periode som leiar av laget. Han fekk med seg heile det sitjande styret inn i eit nytt arbeidsår.
Same dag var det årsmøte i Sogn og Fjordane Mållag på Skei i Jølster var det årsmøte. Der var det ikkje råd å få vald ny leiar. Det nye styret skal konstituere seg sjølv: Berit Ekerbakke, Njål Ølmheim, Torleik Stegane, Magne Aardal og Magni Hjetnes Flym (ny).
Hege Lothe
|
|