Helseføretaka har innført taleattkjenning for legane på sjukehusa. Det vil seie at datamaskina kan skrive ned det som legane dikterer ho skal skrive. Dermed slepp sjukehusa å løne eigne sekretærar for å gjere dette arbeidet. Dette er eit heilt nytt system, og til no har denne taleattkjenninga berre ”forstått” bokmål, og teksten har også blitt skriven på bokmål. Dette har skapt mykje frustrasjon og mellom andre Medisinsk Mållag har påpeika at programmet må kome på nynorsk. Og no er det altså klart at programmet skal utviklast på nynorsk.
- Dette er ny teknologisk utvikling som det er viktig at nynorsken er ein del av. Og for oss er det ein siger at det vert gjort så klårt at sjukehusa har ei plikt på seg til å tilby taleattkjenning på nynorsk, seier Håvard B. Øvregård.
- Eg vil likevel gjere det klart at helseføretaka burde sett i gang utviklinga av nynorskprogrammet samtidig med bokmålsversjonen. Eg vil tru det hadde blitt mykje rimelegare og raskare for helseføretaka.
Stortinget gjorde det klart då dei handsama språkmeldinga at når det offentlege arbeider med språk, så vil det seie både nynorsk og bokmål. Den juridiske vurderinga som seier at nynorskversjonen skal vere eit tilbod på linje med bokmålversjonen bør bli retningsgjevande i andre liknande saker.
For fleire kommentarar:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Bilete av Håvard B. Øvregård Turid Thune, leiar i Medisinsk Mållag og lækjar ved Haukeland Universitetssjukehus,
Mobil: 975 25 863 (m)
E-post:
tjthune@hjemme.no Meir informasjon om arbeidet sjå
Nasjonalt IKT.
Les kva Mållaget har skrive om saka før:
Vurderer taleattkjenning.