Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Helga Hjetland inn i styret i Noregs Mållag

 (17.03.2010)

– Eg har arbeidd mykje med barn og unge i skulen og ser kor viktig det er å gjere både dei unge, og dei vaksne i skulen medvitne og stolte av språket sitt, seier Helga Hjetland.
– I Utdanningsforbundet har eg arbeidd mykje med retten til morsmålsundervisning, for meg handlar målsak også om dette, legg ho til.

Håvard B. Øvregård har sagt ja til attval som leiar i Noregs Mållag. Han er 34 år, bur i Oslo, og kjem frå Bjørkedal i Volda.
– Eg vil prioritere å få fram forsking på målbyte frå nynorsk til bokmål i skulen, seier Håvard B. Øvregård.

Jens Kihl stiller til nestleiarvervet. Med sine 24 år er han ein av dei yngste nestleiarane i Mållaget nokon gong. Jens Kihl er tidlegare leiar i Norsk Målungdom og kjem frå Oslo.

Det nye styret vert valt på landsmøtet i Noregs Mållag på Stiklestad helga 16. - 18. april 2010. Dette er innstillinga til nytt styre: Håvard B. Øvregård, leiar (Oslo), Jens Kihl, nestleiar (Oslo), Helga Hjetland (Høyanger), Bente Riise (Oslo), Aud Søyland (Valdres) og Jon Todal (Kautokeino / Guovdageainnu). Fast møtande 1. vara: Terje Kjøde (Ørsta), 2. vara: Olav Kuvås (Skaun), 3. vara: Marit Aakre Tennø (Luster) og 4. vara: Reza Rezaee (Oslo). Norsk Målungdom vel sin representant til styret på deira landsmøte i Ørsta 19.-21. mars 2010.

Bilete av Helga Hjetland
Bilete av Håvard B. Øvregård og Jens Kihl

Meir informasjon frå:
Oddmund Løkensgard Hoel, leiar i valnemnda: 970 21 194 (m)
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)


Bilete er teke av Bo Mathisen / Utdanningsforbundet.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no