Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til lagdommar Asbjørn Nes Hansen

 (04.05.2010)

Asbjørn Nes Hansen, frå Treungen i Nissedal, har lenge vore ein av dei fremste nynorskbrukarane i domstolsapparatet. Som lagdommar og førstelagmann i Agder lagmannsrett i ei tid der Lovdata brått gjorde lagmannsrettsdommar mykje meir tilgjengeleg enn før, har han vore eit førebilete for dommarar og andre som ønskjer å skriva nynorsk juss. Høgsterettsdommar Utgård er mellom dei som brukte dommane frå Asbjørn Nes Hansen som mønster, då han starta som første nynorskrivande fast tilsette dommar i Høgsterett.

Sjølv seier Hansen at med unnatak av eit par språklege sidesprang i form av fakultetsoppgåver på andre avdeling, skreiv han nynorsk gjennom heile studietida. I yrkeslivet laut han nytta bokmål då han arbeidde i Oslo kommune, medan mållova avgjorde målforma medan han arbeidde hjå Fylkesmannen i Telemark.

Då han i 1989 vart dommar i Agder lagmannsrett, stod han fri til å nytta den målforma han ønskte. Likevel tok det eit halvt år før han første gong våga seg på å skriva nynorsk, i ei skjønnsak i Setesdal. Hjelpt mellom anna av eit utval med rettslege avgjerder frå pensjonert sorenskrivar i Nedenes Sverre A. Innjord, ordlista til Asgeir Olden og nokre prosessformular frå Knut Lassen i nynorsk omsetjing, skreiv han meir og meir nynorsk. Først vart det konsekvent nynorsk i sivile saker, men etter kvart tok han steget fullt ut også i straffesaker. Det er kanskje i strafferetten han har gjort den største innsatsen i å utvikla det nynorske juridiske omgrepsapparatet. Mellom anna har Karl Arne Utgård søkt råd hjå Asbjørn Nes Hansen i arbeidet med ordlista Juridisk og administrativ ordliste.

Det er altså som dommar at Asbjørn Nes Hansen har gjort sin viktigaste innsats for det nynorske rettsmålet. Med stilsikker språkføring har han vore lett å ty til for den som har vore i beit for ein skrivemåte, eit omgrep eller ei skildring av det rettslege spørsmålet.

Styret i Juristmållaget vedtok i forkant av årsmøtet i 2009 at Asbjørn Nes Hansen f. 1952, skulle få årets målpris. Målprisen vart delt ut ved ei tilstelling i Agder lagmannsrett 3. mai 2010.

Bilete av Asbjørn Nes Hansen til nedlasting (Foto: Agder lagmannsrett)

For meir informasjon:
Gunnar O. Hæreid, leiar i Juristmållaget, 911 80 626 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no