Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Olga Meyer fyller 80 år

 (06.08.2010)

Olga Meyer (til høgre) og Einfrid Perstølen (også heidersmedlem) på jubileumsmottakinga for Noregs Mållag i 2006. (Foto: Erik Bolstad)


Heidersmedlem Olga Meyer (til høgre) fyller 80 år. Her står ho ved sida av Einfrid Perstølen, som også er heidersmedlem, i samband med mottakinga i høve hundreårsjubileet i 2006. (Foto: Erik Bolstad)

Olga Meyer er fødd i Fana 8. august 1930. Etter nokre år som lærar og til sjøs tok ho eksamen ved Volda lærarskule i 1967. Ho var på ny lærar eit par år, før ho i 1969 vart programmedarbeidar i NRK Radio. Der arbeidde ho i samfunnsavdelinga 1969–93 og i Oslo-redaksjonen i P1 1993–2000.

Olga Meyer fekk Kringkastingsprisen i 1981 og vart heidersmedlem i Noregs Mållag i 2000.

Ho var med på å skipe Mediemållaget i 1977, og var leiar i laget frå 1992–94. Ho seier sjølv at dette var ei vanskeleg tid for journalistane i Mediemållaget fordi Noregs Mållag hadde teke standpunkt mot EU, medan journalistane ikkje ville framstå med noko standpunkt.

Olga Meyer har heilt fram til dei siste åra vore ein aktiv møtedeltakar på landsmøte i Noregs Mållag, årsmøte i Mediemållaget og årsmøte i Kringkastingsringen.

Olga Meyer har naturlegvis fyrst og fremst vore oppteken av NRK og nynorsken. Siste store striden ho kasta seg inn i med liv og lyst i 2002, var kampen for å halde på NRK Sogn og Fjordane som eige distriktskontor med redaktøransvar. Det var ei sak som vekte mykje engasjement, og dåverande kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland gjorde det klårt at NRK Sogn og Fjordane er viktig for nynorsken i NRK. I 2004 vart Nynorsk mediesenter opna i Førde, og distriktskontoret har halde fram med å sikre nynorske røyster og tekst frå NRK.

Viktig kjelde for denne informasjonen: www.allkunne.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no