Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Juridisk målpris til Bergfinn Aabø

 (07.09.2010)

Prisvinnaren har i over 50 år lagt ned ein stor innsats, både for Juristmållaget og nynorsken generelt. Juristmållaget hadde neppe eksistert i dag dersom det ikkje hadde vore for at Bergfinn Aabø gong etter gong har teke ansvar.

Målprisvinnaren er fødd i 1928 og er frå Stavanger. Han har vore ein sentral person i Juristmållaget over tid. Juristmållaget vart opphavleg skipa i 1934, men aktiviteten låg nede etter nokre få år. Med studenten Bergfinn Aabø i leiarstolen vart laget oppattskipa i 1954. Han sat som leiar i tre år i fyrste omgang. Alt første året var talet på medlemmer kome opp i 72. Det er tre færre enn det er i dag. Med tanke på kor mange juristar det er i dag, og ikkje minst kor mange juristar som skriv nynorsk i dag, mot kva det var for 55 år sidan, er talet imponerande.

I 1964 kom han inn att som styreleiar, eller formann som det heitte på den tida. Denne gongen sat han i fem år. Då Juristmållaget i 1990 låg nede utan aktivitet, var det han som endå ein gong skulle gje laget nytt liv. Og laget livna til, med prisvinnaren som leiar heilt til 1998, då han var 70 år gamal. Men han gav seg ikkje med innsatsen for Juristmållaget då heller. Han er framleis i dag revisor for Juristmållaget. Og sjølv om han no er 82 år gamal år, har han stilt opp som føredragshaldar på årsmøtet.

Aabø er opphavleg utdanna transmisjonsingeniør, og han hadde den første stillinga si i det som då heitte Telegrafverket. Han studerte jus ved sidan av, og fekk etter kvart den første juriststillinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Han gjekk gradene til byråsjef, før han vart direktør i Lærarutdanningsrådet. Denne stillinga hadde han til han gjekk av med pensjon.

I tillegg har han hatt ei rekkje verv både i og utanfor målrørsla. Han har vore leiar i Studentmållaget i Oslo, i Oslo Mållag, Vikværingen mållag, og han har hatt ulike verv innanfor Bondeungdomslaget i Oslo, Dag og Tid og venelaget til Det norske teateret. Som pensjonist har han hatt verv i Frogner seniorråd, Pensjonistforbundet og pensjonistforeininga til Utdanningsforbundet.

Dei som kjenner Bergfinn Aabø, seier at han er ein slik person som alltid får gjort det han blir beden om å gjennomføra. Han har vidare vore ein stor inspirator for dei som lurer på å skifta til bokmål på studiet. Rådet prisvinnaren gav, var at det er viktig å visa at ein har vilje. Dette inspirerte mange til å visa at dei nettopp hadde den viljen som skal til.

Styret i Juristmållaget har difor vedteke at Bergfinn Aabø får årets målpris.

***
For meir informasjon:
Gunnar O. Hæreid, leiar i Juristmållaget, 911 80 626 (m)
Bilete av prisvinnar ligg her: http://srv4.zetta.no/www-nm-no/_filer/bergfinn_aabo.jpg?f=EC2E7936-F1FF-9200-786B2D0B2CF5870F

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no