Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ein million kroner til Olav H. Hauge-senteret

 (07.10.2010)

Med ein auke på 1,3 millionar kroner i statsbudsjettet for 2011 går Nynorsk kultursentrum no i gang med å realisere planane for Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.

Dette skal bli eit senter for lyrikk, kunst og kultur med utgangspunkt i forfattarskapen til Olav H. Hauge (1908–1994). Av ei samla løyving på 12,3 millionar kroner i 2011 er 1 million øyremerkt til Hauge-senteret, skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Både styreleiar og direktør er godt nøgd med denne løyvinga.
– Dette gjev oss eit godt grunnlag for å kome i gang, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum. – Vi skal få gjort mykje for desse pengane, og endå meir når Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad har løyvt sitt for 2011.

Treng millionar til investering
Investeringsbudsjettet for Hauge-senteret er på om lag 16 millionar kroner. Av dette er 7 millionar kroner på plass i form av ei stor satsing frå Ulvik herad. Statsbudsjettet inneheld ikkje investeringsmidlar for Hauge-senteret. Direktør Ottar Grepstad legg vekt på at dei midlane må kome fort. – Vi toler å vente eit år på investeringsmidlar frå staten, men reknar med at staten er like interessert som vi er i å følgje opp det regionen alt har fått til.

Nasjonal institusjon
I august godkjende styra i Olav H. Hauga-stiftinga og Nynorsk kultursentrum ein samanslåingsavtale som inneber at Nynorsk kultursentrum frå nyttår både har ansvaret for Ivar Aasen-tunet på Sunnmøre og Olav H. Hauge-senteret i Hardanger. Det gir Nynorsk kultursentrum ny tyngd som nasjonal institusjon, meiner Ottar Grepstad:

– Framlegget til statsbudsjett stadfestar at regjeringa ser positivt på den type samanslåing vi her gjennomfører og som er med og fornyar tenkinga om museumsdrift i Noreg. Hauge-senteret skal få ein klar profil og drive like publikumsretta som Ivar Aasen-tunet har gjort i ti år.

Fleire store prosjekt
Utvikling av Hauge-senteret blir ei av dei viktigaste oppgåvene til Nynorsk kultursentrum dei neste åra. institusjonen arbeider med fleire store prosjekt. Desse er enno ikkje finansierte.

I 2013 er det 200-årsjubileum for Ivar Aasen og 100-årsjubioeum for Det Norske Teatret. Saman med Det Norske Teatret og eit samla nynorskmiljø har Nynorsk kultursentrum i lengre tid utvikla planar for Språkåret 2013. – Dette skal bli ei raus feiring av språklege skilnader i Noreg, og saman med Det Norske Teatret vil vi no be om eit møte med statsråden for å sjå korleis vi kan kome vidare med planane, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no