Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MARS 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Besøk i barnehagar over heile landet

 (26.10.2010)

Noregs Mållag sin eigen barnehagekampanje Gjennom ord blir verda stor har kampanjeveker i tre veker framover. Etter to dagar har allereie fire barnehagar fått besøk. Tilsette og tillitsvalde reiser på kryss og tvers over heile landet for å besøke barnehagar.

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, var i Bergen på tysdag, skal til Fusa i onsdag og Austevoll på torsdag. Skulemålsskrivar Ingar Arnøy var i Trondheim på måndag og skal til Verdal på onsdag. Medan nestleiar i Noregs Mållag, Jens Kihl var på besøk i Badebakken barnehage i Oslo på måndag og i studentbarnehagen på Blinderen på tysdag.

Kampanjeveker
Barnehagekampanjen varer heilt fram til april 2012. Men dei komande tre vekene er det kampanjeveker der mållaget i samarbeid med lokale mållag prøver å rekkje over mange barnehagar. Sjå kalenderen til Noregs Mållag.

Nynorsk i kvardagen
Det er ein kampanje for at barnehagane skal bruke meir nynorsk i kvardagen, og at borna skal bli presentert for nynorsken før dei byrjar i skulen. Kampanjen rettar seg mot tilsette, foreldre, born, folkevalde i kommunane og barnehageeigarar. Det er ein positiv kampanje for nynorsk.

Språklege mangfaldet
Mållaget vil gjerne at born over heile landet skal oppleve både nynorsk, bokmål og ulike dialektar i barnehagen. Vi meiner det er ein styrke å bruke heile det språklege mangfaldet som vi finn i og rundt barnehagen. Born utviklar ei forståing for ulike språktradisjonar når dei vaksne er gode
rollemodellar.

Rygstø
Vi vil at born som veks opp i nynorskområde, skal bli trygge i nynorsken så tidleg som mogleg. Og for born som har sin barndom i meir tradisjonelle bokmålsområde, er det viktig at dei møter nynorsken i bøker, songar og leikar. På den måten vert dei vande med at nynorsken er ein del av språkmangfaldet i Noreg.

Les meir om kampanjen Gjennom ord blir verda stor.

Godt mottekne
Førebels stemningsrapport er at Mållaget vert veldig godt motteke ute i barnehagane, og at mange tilsette og foreldre er opptekne av at nynorsken skal vere ein del av barnehagekvardagen til borna.

Besøk frå Noregs Mållag
Vil ditt lokallaga gjerne ha besøk frå Noregs Mållag? Ta kontakt med oss, så prøver vi å ordne det: Send e-post til: barnehagekampanjen@nm.no

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no