Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk redaktørpris til Signy Fardal

 (29.10.2010)

Mediemållaget har tildelt sjefredaktør i Elle og Elle Interiør Nynorsk redaktørpris for 2010.

Berit Rekve, leiar i Mediemållaget, saman med vinnaren av Nynorsk Redaktørpris 2010, Signy Fardal. (Foto: Margunn Sundfjord, NPK)


- Sjefredaktør Signy Fardal bidreg til å gjera nynorsk til eit mediespråk også på mote- og interiørområdet., sa leiar for Mediemållaget, Berit Rekve under utdelinga i Litteraturhuset.

– Ein slik pris forpliktar, sa prisvinnaren då ho blei heidra med Nynorsk redaktørpris og lova at det framover kjem til å bli meir nynorsk i spaltene i Elle.

Grunngjeving
Der nynorsken er meir eller mindre sjølvsagt i lokalpresse og kringkasting, er mote- og vekepressa er medieområde der han knapt er å sjå. Det er har vore arbeidd for å få nynorsk inn i den kulørte pressa, eit område med mange lesarar og eit publikum det er viktig å nå. Dessutan trengst det at nynorsk erobrar fleire saksområde.

I januar 2007 fekk Signy Fardal ei utfordring i fanget under ein konferanse. Kunne ikkje du ha artiklar på nynorsk i bladet ditt? Fardal tok utfordringa på strak arm og utpå våren kom dei første artiklane på nynorsk. Etter tre og eit halvt år ser vi at det ikkje vart med eit eingongstilfelle, men at både motemagasinet Elle og Elle interiør jamt har artiklar på nynorsk.

Sjefredaktør Signy Fardal bidreg til å gjera nynorsk til eit mediespråk også på mote- og interiørområdet. Ho har òg markert seg i offentlege ordskifte om å sleppa nynorsken til i medier som heilt lukkar han ute på redaksjonell plass.

Om prisvinnaren
Årets prisvinnar kjem frå Sogndal og har utdanningsbakgrunn i journalistikk, massekommunikasjon og sosiologi. Ho har mangslungen røynsle frå media. Den første redaktøroppgåva var i Ungsosialisten. Deretter har vegen gått via Universitas, RadiOrakel, Klassekampen, Arbeiderbladet, Ny Tid, Dagbladet, og Dagens Næringsliv, både som journalist og som leiar for næringslivsredaksjonen.

Mediemållaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no