Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Lansering av bok om norsk målreising

 (17.01.2011)

Tidlegare leiar i Noregs Mållag, fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Oddmund Løkensgard Hoel, lanserer si nye bok om norsk målreising på nynorsk fagdag i Oslo.

Han tok doktorgrad ved Ivar Aasen-instituttet, og skreiv avhandling om norsk målreising mellom 1868 - 1940. Boka er ein omarbeidd versjon av doktoravhandlinga hans.

Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda inviterer for andre gong til ein nynorsk fagdag i Oslo. Dette er eit samarbeid med Norsk Ordbok 2014 og med Institutt for lingvistikk og nordistikk ved UiO.

Dagen tek sikte på å presentere nyare avslutta arbeid i Volda-miljøet på fagfeltet nynorsk skriftkultur. Føredragshaldarane er tilsette ved Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Nynorsksenteret, og Nynorsk kultursentrum. Dei to første føredragshaldarane har dei siste åra teke doktorgraden på nynorsk skriftkulturs historie.

Auditorium 4, Eilert Sundts hus, Universitetet i Oslo

Fredag 18. februar 2011

10 Velkomst ved Åse Wetås (NO 2014)
10.15 Jens Johan Hyvik: Ivar Aasen og tokulturlæra
10.45 Lansering av den nye boka til Oddmund L. Hoel: Mål og modernisering 1868-1940. Norsk målreising. Band II ved Sverre Tusvik
11.00 Oddmund L. Hoel: Det nynorske byproblemet

11.30 Lunsj

12.30 Stephen J. Walton: Nynorsk skriftkultur, utfordrande og utfordra
12.45 Marit Wadsten: Nynorske doktorgradar - frå 0 til 15 på hundre år!
13.15 Hjalmar Eiksund: Nynorsk på leselista. Om lesinga til ungdom på fritida

13.45 Pause

14.00 Anders Aanes: Forvirring eller frigjering? Om kunnskap og haldningar til variasjon og valfridom i nynorsk
14.30 Bjørg Nesje Nybø: Nynorsk – ei revitalisering av norsk?

15.00 Kommentar ved Johan Tønnesson (Sakprosa) og Sverre Tusvik (Samlaget), ordskifte

15.30 Slutt

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no