Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skrivekonkurranse i Valdres

 (21.01.2011)

Valdres Mållag inviterer til sin årlege skrivekonkurranse, og årets sjanger er «lesarinnlegg», melder avisa Valdres. Barn og ungdom blir inviterte til å skrive eit lesarinnlegg på nynorsk eller valdresdialekt. Og mållaget ber spesielt om at du spissar tittelen på lesarinnlegget.
– Du må laga ei overskrift som er så god at folk blir interesserte i å lesa artikkelen, skriv Mållaget i utlysingsteksten.

Innsendarane står fritt til å velja tema, men aktuelle tama kan vera kjæledyr, fotball, nedlagt nærbutikk, ungdommen og bygda og arbeidsplassar som blir borte. Ingun Kompen i Etnedal tek imot lesarinnlegga i form av epost på adressa ikompen@hotmail.com eller som gammaldags papirpost innan 8. mars.

Mållaget premierer i fire klasser med pengepremiar: 1. – 4., 5.– 7. og 8. – 10. klasse og vaksne. Deltakardiplom og premiar blir delte ut på årsmøtefesten i Valdres Mållag 20. mars.

Valdres Mållag har arrangert årlege skrivetevlingar sidan 1988 med såpass ulike sjangar som blant anna dikt, kriminalforteljing, teikneserie, reklame, brev, song og intervju.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no