Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Barnehagebesøk i Florø

 (24.01.2011)

På onsdag vil Helga Hjetland, styremedlem i Noregs Mållag, besøke Havrenes barnehage og Torvmyrane skule. Dette er ein del av barnehagekampanjen Gjennom ord blir verda stor.

Klokka 10 er det besøk i Havrenes barnehage, der det er styrar Heidi Grande Røys som tek imot. Og deretter er det besøk i barnehagen på Torvmyrane skule klokka 13. Hjå dei er det Sissel Brunsvik som er kontaktperson. Helga Hjetland vil ha ei lesestund med borna, og deretter vert det også litt tid til å snakke med nokre av dei tilsette.

Språkleg mangfald
Mållaget vil gjerne at born over heile landet skal oppleve både nynorsk, bokmål og ulike dialektar i barnehagen. Vi meiner det er ein styrke å bruke heile det språklege mangfaldet som vi finn i og rundt barnehagen. Born utviklar ei forståing for ulike språktradisjonar når dei vaksne er gode
rollemodellar.

Vi vil at born som veks opp i nynorskområde, skal bli trygge i nynorsken så tidleg som mogleg. Og for born som har sin barndom i meir tradisjonelle bokmålsområde, er det viktig at dei møter nynorsken i bøker, songar og leikar. På den måten vert dei vande med at nynorsken er ein del av språkmangfaldet i Noreg.

Godt mottekne
Det er ein kampanje for at barnehagane skal bruke meir nynorsk i kvardagen, og at borna skal bli presentert for nynorsken før dei byrjar i skulen. Kampanjen rettar seg mot tilsette, foreldre, born, folkevalde i kommunane og barnehageeigarar. Det er ein positiv kampanje for nynorsk. Kampanjen har blitt veldig godt motteke ute i barnehagane, og at mange tilsette og foreldre er opptekne av at nynorsken skal vere ein del av barnehagekvardagen til borna.

Flora Mållag er i gang med ny oppstart. Nytt årsmøte er planlagt onsdag 2. februar 2011.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no