Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Meir nynorsk-heider til Seljord

 (28.01.2011)

- Vi i Noregs Mållag stiller oss gjerne i rekkja av gratulantar etter at Seljord blei Årets nynorskkommune 2010, seier Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag.

Denne veka var han i Seljord for å overrekkje gåva frå Noregs Mållag; ein bunke barnebøker.

– Blomekvastar blir gjerne ståande inne på eit ordførarkontor og visnar etter nokre dagar. Men desse bøkene vonar vi kan få eit langt liv i barnehagane i kommunen, seier Jens Kihl. Han er imponert over den innsatsen Seljord kommune legg ned for nynorsken og dialektane.

– Særleg vil eg trekkje fram det arbeidet Seljord gjennom ulike prosjekt gjer for barn og unge. Det å knyte saman lokal tradisjonskultur og moderne språklæring er å kombinere det beste frå to verder. Her trur eg andre kommunar har mykje å lære av Seljord, meiner mållagsnestleiaren. Han er òg nøgd med at Seljord Mållag er viktig i språkarbeidet i kommunen, og at kommunen la vekt på dette då dei søkte om å bli Årets nynorskkommune 2010.

Tysdag fekk han synfaring til ungdomsskulen, Tussejuv barnehage og eit møte med varaordførar Jon Svartdal, i tillegg til ein prat med Tone Bøhn, primus motor for nynorskarbeidet i kommunen.

Om kvelden var det årsmøtet i Seljord Mållag, eit aktivt lag i kommunen.
– Seljord Mållag knyter seg til mange lokale aktørar, som kommunen, barnehagane, skulen, sparebanken, organisasjonslivet, biblioteket og mange fleire. Slik spreier målarbeidet seg som ringar i vatn, og det er heilt tydeleg at Seljord Mållag blir sett på som ein premissleverandør i lokalsamfunnet. Og så er det ikkje alle mållag som held eigen loppemarknad!, fortel Jens Kihl engasjert.

Lokallagsleiar Borgny S. Tøfte fekk attval, og får fylgje av ein engasjert gjeng i styret. I året som kjem skal laget arbeide med hundreårsjubileet til diktaren Halvor J. Sandsdalen, litteraturformidling retta mot dei yngre. Laget har kring femti medlemer og jamn, høg aktivitet.

Jens Kihl tykte det var så moro å vere på besøk hjå Seljord Mållag at han kåra laget til Vekas mållag. Les meir om denne uhøgtidlege kåringa på bloggen til Jens Kihl.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no