Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Til lukke med vel overstått landsmøte!

 (29.03.2011)

Norsk Målungdom har hatt jubileumslandsmøte og feira 50 år! Noregs Mållag ynskjer Janne Nygård og Norsk Målungdom til lukke og vonar de får eit flott jubileumsår!

Sundag føremiddag blei Janne Nygård (21) frå Jølster i Sogn og Fjordane attvalt til ståande applaus som leiar for Målungdommen. Valet markerte punktum for jubileumslandsmøtet i Norsk Målungdom, som har gått av stabelen i Oslo i helga. Dermed er det Nygård som får i oppgåve å leie organisasjonen gjennom 50-årsjubileet i 2011.

Nygård har lang erfaring frå ulike ledd i Norsk Målungdom. Ho har tidlegare vore både nestleiar og dagleg leiar, og før ho kom inn i sentralstyret var ho ein berebjelke i lokallaget Firda Målungdom på Sandane i Sogn og Fjordane. Nygård blir omtalt som ein dyktig og målretta leiar med eit samlande og vinnande vesen.

Med seg på laget får ho eit solid sentralstyre med mykje erfaring. Den einaste nykommaren er Johanne Marie Kydland Torvund (19) frå Hå i Rogaland, som tek over som dagleg leiar i sommar. Vebjørn Sture (23) frå Stavanger blir ny nestleiar, medan Tone Rossow (22) frå Asker er valt som sentralstyremedlem. Til å styre økonomien har landsmøtet attvalt Eva Holthe Enoksen (21) frå Stavanger. På varalista står tidlegare leiar Maria Svendsen (22) og avtroppande sentralstyremedlem Kristian Weibye (20), begge frå Oslo, i tillegg til tidlegare nestleiar Ulrikke Sægrov (23) frå Stavanger.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no